Siri Kristiansen
Siri Kristiansen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juni 1978 (46 år) Oslo ![]() |
Yrke | programleiar, radioprogramleiar, standupkomikar, forfattar |
Organisasjon | Norsk rikskringkasting |
Siri Kristiansen på Commons |
Siri Kristiansen (fødd 15. juni 1978) er ein norsk stand up-komikar og radioprogramleiar busett i Son. Ho har vore med i P3-programma P3morgen, Lørdagsrådet og Verdensherredømme, satireprogrammet Desken på NRK3 og TV 2 sitt ungdomsprogram Sone 2. Hausten 2010 var ho vikar for Linn Skåber i Nytt på nytt.
Kristiansen leidde òg TV-versjonen av Lørdagsrådet, Rådet på NRK3, som hadde premiere 31. oktober 2013. Programmet vart fornya med sesong 2 som starta 10. april 2014.[1]
Siri Kristiansen er utdanna ved tekstforfattarlinja på Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology. I 2004 gav ho ut boka Siris Dagbok på Kagge Forlag. Boka handla om ungdomstida hennar, og vekte debatt på grunn av eksplisitte skildringar av seksualitet blant tenåringar.[2]
Frå 2. februar til 25. juni 2015 leidde Kristiansen radioprogrammet Befokningen på NRK P13 saman med Steinar Sagen.[3]
Frå 9. januar 2017 leia ho radioprogrammet Plenum på NRK P13 saman med Aleksander Schau og Thomas Aune.[4]
Seint i 2017 slutta Kristiansen i NRK for å gå over til Radio1/Radio Norge. Her blei ho programleiar for Siri og de gode hjelperne.[5]
Kristiansen gifta seg med Espen Bjurstedt den 22. juni 2020, etter å ha vore sambuar med han i 13 år. Dei har to barn.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rådet, 22. oktober 2013, henta 5. august 2016
- ↑ KAGGE, Siris dagbok, arkivert frå originalen 28. august 2016, henta 5. august 2016
- ↑ NRK, De overtar for «Radioresepsjonen», henta 5. august 2016
- ↑ NRK Radio - Hør Plenum (på norsk), henta 27. februar 2017
- ↑ «P3-stjerna Siri Kristiansen ferdig i NRK», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 29. november 2021
- ↑ «Siri Kristiansen har giftet seg», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 29. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Siri Kristiansen» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.