Siri M. Kvamme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri M. Kvamme
Nasjonalitet Norsk
Fødd 19. juni 1975 (44 år)
Stanghelle
Yrke Forfattar, skribent
Periode 2001-
Debut Raud og frå seg
Nettstad sirikvamme.no

Siri Milde Kvamme (fødd 19. juni 1975)[1] er ein norsk forfattar. Ho er leiar for Litterær Salong i Haugesund.[2]

Kvamme har gått forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark, årsstudiet ved Skrivekunstakademiet i Hordaland[3] og studert litteraturvitskap.[2] Ho har arbeidd som journalist og reklametekstforfattar og skrive bokmeldingar i Bergens Tidende.[2] Ho debuterte som forfattar i 2001 med kortprosaboka Raudt og frå seg på Samlaget.[4] og har sidan gjeve ut to romanar på Cappelen Damm.[5]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 – Raud og frå seg – Kortprosa
  • 2008 – Vinterhjerte – Roman
  • 2012 – Nattgjengar – Roman

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Siri M. Kvamme (19.06.1975)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 25. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 ««Siri Kvamme»». Nettstaden til Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet. Henta 25. mars 2013. 
  3. ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 25. mars 2013. 
  4. ««Siri M. Kvamme»». Nettstaden til Samlaget. Henta 25. mars 2013. 
  5. ««Siri M. Kvamme»». Nettstaden til Cappelen Damm. Henta 25. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]