Siri Skare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Siri Skare
Fødd6. juni 1958
Død1. april 2011
DødsstadMazar-e Sharif
EiningLuftforsvaret
KonfliktarKrigen i Afghanistan

Siri Skare (fødd 6. juni 1958 i Åndalsnes, daud 1. april 2011 i Mazar-e Sharif) var ein norsk oberstløytnant i Luftforsvaret og blei den første norske kvinnelege militærflygaren i 1984.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skare var allereie utdanna trafikkflygar og instruktør med 1400 timar bak seg[2] då ho blei teken opp ved Flygeskolen i 1982. Ho blei tildelt flygarvengen etter end utdanning i USA den 11. mai 1984.[3][4] Seinare same året byrja ho i teneste på Orion-fly ved 333 skvadron, som den første kvinnelege militærflygaren i Noreg.[3] Skare tnenestegjorde deretter på Hercules ved 335 skvadron.[5]

Frå august 2010 var Skare militærrådgjevar for SN sitt assistanseoppdrag i Afghanistan, United Nations Assistance Mission in Afghanistan Ho blei drepen då demonstrantar angreip SN sitt kontor i Mazar-e Sharif under ein demonstrasjon 1. april 2011 mot pastor Terry Jones so brenning av Koranen i USA 20. mars.[5]

Basen til luftforsvaret på Seychellane i samband med Noreg si deltaking i Operasjon Ocean Shield, «Camp Skare», blei kalla opp etter henne.[6]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Skare blei dekorert for den militære tenesta si med Forsvarsmedaljen, Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner, Forsvarets operasjonsmedalje for Afghanistan, Luftforsvarets vernedyktighetsmedalje, FN-medaljen UNSSM med UNAMA-spenne og NATO-medaljen for ISAF.[7]

Ho blei òg heidra posthumt med Forsvarets medalje for falne i strid.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fra Spitfire til F-16 – Luftforsvaret 50 år 1944-1994. Tom Arheim, Bjørn Hafsten, Bjørn Olsen, Sverre Thuve. Sem & Stenersen, 1994, s. 117. ISBN 82 7046 068 0
  2. Aftenposten 2. oktober 1984
  3. 3,0 3,1 Tom Arheim, Bjørn Hafsten, Bjørn Olsen og Sverre Thuve: Fra Spitfire til F-16. Luftforsvaret 50 år 1944-1994, Oslo: Sem & Stenersen, 1994, s. 68.
  4. Grethe Værnø og Elisabeth Sveri: Kvinnenes forsvarshistorie, Oslo: Kvinners frivillige beredskap , 1990, s. 176.
  5. 5,0 5,1 dagbladet.no (1. april 2011): Oberstløytnant Siri Skare (52) drept i Afghanistan, besøkt 2. april 2011
  6. Overvaker piratar i det indiske hav Arkivert 3. oktober 2011 på Wayback Machine., forsvaret.no, 23. september 2011. Besøkt 25. september 2011.
  7. 7,0 7,1 «Bisettelse i Grytten kirke». Romsdals Budstikke. Henta 16.07.2011. [daud lenkje]