Hopp til innhald

Siri Sverdrup Lunden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri Sverdrup Lunden
Fødd23. mars 1920
Kongsberg kommune
Død24. august 2003
Trondheim
NasjonalitetNoreg
Yrkelærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleTerkel Rosenqvist
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Siri Sverdrup Lunden (23. mars 192024. august 2003) var ein norsk slavist og professor i slaviske språk ved universitetet i Oslo 1971–1987.

Siri Sverdrup Lunden var dotter av kvinnesakskvinna og fredsaktivisten Mimi Sverdrup Lunden. Ho voks opp i Oslo. I løpet av andre verdskrigen fatta ho interesse for Sovjetunionen og russisk, og byrja å studera slavistikk etter krigen. Ho avslutta universitetsstudia ved universitetet i Oslo i 1958 med ei avhandling om Peter den store sin uttale av russisk. I 1960 blei ho lektor ved institutt for slaviske språk. Ho tok doktorgrad i 1969 med avhandlinga «The Trondheim Russian-German MS Vocabulary: A Contribution to Seventeenth-Century Russian Lexicography», ei undersøking av eit russisk manuskript som var funne i Noreg i 1927. I 1971 blei ho utnemnd til professor i slaviske språk som etterfølgjar til Christian Schweigaard Stang. Ho var i denne stillinga til ho gjekk av i 1987. Ho var gift med professor Terkel Nissen Rosenqvist.

Studium og forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup Lunden bidrog til å modernisera studiet av russisk ved universitetet i Oslo, som tidlegare hadde vore fokusert på historisk språkvitskap. Forgjengaren i professoratet, C.S. Stang, hadde vore oppteken av samanliknande baltisk og slavisk språkforsking, medan Sverdrup Lunden la vekt på moderne russisk. Ho interesserte seg likevel også for gammalrussisk, og gav ut i 1987 ei norsk omsetjing av Igorkvadet. Ho gav også ut ei bok om russenorsk, og var president i den norsk-bulgarske foreininga.

  • The Trondheim Russian-German MS vocabulary : a contribution to 17th-century Russian lexicography. Oslo: Universitetsforlaget, 1972.
  • Russenorsk revisited. Oslo: Universitetet i Oslo, 1978.