Sisimiut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sisimiut
by
Land  Grønland
Region Qeqqata kommune
Areal 34,400 km²
Folketal 5 582 (1. januar 2020)[1]
Kart
Sisimiut
66°56′20″N 53°40′20″W / 66.938888888889°N 53.672222222222°W / 66.938888888889; -53.672222222222
Wikimedia Commons: Sisimiut
Panorama over delar av Sisimiut
Frå hamneområdet i Sisimiut, 1980

Sisimiut (dansk Holsteinsborg) er ein by på vestkysten av Grønland. Byen hadde 5965 innbyggarar i 2007, og er Grønlands nest største by. Han er etter ei kommunereform frå 2009 innlemma i Qeqqata kommune. Hamna er den nordlegaste i Grønland som er isfri i vinterhalvåret.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sisimiut ligg 66°55' nord og 53°40' vest på vestkysten av Grønland, 42 km nord for polarsirkelen. Byen ligg som dei fleste byane på Vest-Grønland på ei halvøy vest for innlandsisen. Nordaust for byen hevar det 784 meter høge fjellet Nasaasaaq ('Kyllinghetta') seg.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Sisimiut er ein av dei økonomisk mest utvikla grønlandske byane, med hamn og moderne produksjonsanlegg. Viktigaste næringa er fiskeri drive med kutterar og trålarar. Fangstane vert vidareforedla og eksporterte til Danmark og andre skandinaviske land, og til Storbritannia. Fiske av reker, krabbe, torsk, laks og kveite tel mest i rekneskapen. Dessutan føregår fangst av kvalross og sel, og jakt på reinsdyr og moskusokse. Sisimiut er i dei siste tiåra utvikla til ein turiststad, det finst fleire hotell i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spor etter Saqqaqkulturen i form av busetjingar er funne i området. Staden låg lagleg til for jakt og fiske. Inuittane slo seg ned på staden for ei kring tusen år sidan.

På 1600-talet tok europeiske kvalfangarar det isfrie Sisimiut i bruk som base. Europearane bytta til seg pels og selkjøt frå inuittane, mot knivar, perler, nåler og sytråd. Danske interesser bygde i 1724 ein handelsstasjon i Sisimiut. Denne vart nedbrend av nederlandske kvalfangarar, som kjende seg truga i kampen om ressursane.

Danskar grunnla kolonien Holsteinsborg i 1767, som basert på kvalfangst snøgt utvikla seg. Fleire 1700-talsbygningar står framleis. Ein koppeepidemi braut ut i 1801 og kosta om kring 400 innbyggarar livet. Byen voks seg likevel større utover i det 19. hundreåret.

Kvalfangsten vart det slutt på kring 1900, og ein la meir og meir vekt på fiskeri og etter kvart fiskeindustri. Byen fekk ein fiskeforedlingsfabrikk og ei hamn som kunne take mot større fartøy.

1960-åra var ei turbulent periode i Sisimiuts nyare historie. Byen voks kraftig grunna tilflytting frå bygdene og auka barnetal. Byen vart Grønlands nest største med opp mot 5000 innbyggarar. Kaianlegg, vegar og bustader kom opp i stort tempo. Fangstfamiliane flytta inn i dei nyoppførte betongblokkene, store sosiale problem følgde i kjølvatnet.

Knud Rasmussens Højskole vart opna i Sisimiut i 1962. Denne Grønlands første folkehøgskule har hatt innverknad på kulturutviklinga i heile Grønland.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen i byen har ei kort landingsbane som berre eignar seg for mindre fly. For å flyge inn og ut må ein derfor mellomlande ved nærliggande Kangerlussuaq flyplass. Innanlands rutefly går til mellom anna Nuuk.

Om sommaren trafikkerer ein passasjerbåt byane langs vestkysten. Båten har anløp i Sisimiut fleire gonger i veka. På vinteren er hundespann ein viktig transportmåte, først og fremst til busetjingane lengre nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://bank.stat.gl/pxweb/en/Greenland/Greenland__BE__BE01__BE0120/BEXST4.PX/?rxid=6ca430db-8cff-4915-aad6-82f4013ce159; vitjingsdato: 12. februar 2020.