Siso kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°19′30.14″N 15°42′26.32″E

Siso kraftverk
Foto: PeltonMan

Siso kraftverk er eit vasskraftverk ved Straumsvatnet i Sørfold kommune i Nordland. Kraftverket nyttar eit fall på 610 meter mellom reguleringsmagasinet Sisovatnet og Straumfjorden. Sisovatnet er regulert mellom 671 og 615 moh.

Til Sisovatnet vert det overført vatn frå Løytavatnet, som er regulert mellom 671 og 615 moh, dessutan frå ei rad bekkeinntak.

Det er installert peltonturbinar på 175 MW og middels årsproduksjon er på 912 GWh.

Kraftverket er eigd av Elkem og verket heimfell til staten i 2026.

Verket har forsynt Elkem sin smelteverkproduksjon i Straumen, Elkem Salten, med elektrisk straum.

Blåmannsisen har ved to tilfelle hatt eit såkalla jøkulhlaup, som er ei naturleg tapping av eit bredemt vatn. Hausten 2005 flaut 40 milliardar liter vatn inn i Sisovatnet etter ei bredemning brast. Dette vatnet ville elles ha runne inn i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]