Sissel Østberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sissel Østberg

Fødd13. juli 1949
NasjonalitetNoreg

Sissel Østberg (fødd 13. juli 1949) er ein norsk akademikar som var rektor ved Høgskolen i Oslo frå 1. august 2007 til fusjoneringa til Høgskolen i Oslo og Akershus i 2011. Østberg var den første kvinnelege rektoren ved Høgskolen i Oslo.[1]

Ho har tidlegare vore dekan ved Avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Oslo og er påtroppande nestleiar i Universitets- og høgskolerådet.

Sissel Østberg tok i [1979 magistergrad i religionshistorie ved Universitetet i Oslo, og tok i 1999 doktorgrad i utdanning ved University of Warwick i Storbritannia. Østberg har gjennom heile si karriere vore opptatt av integrering og fleirkulturell opplæring. I 2003 vart ho leiar for fagleg råd i NAFO (Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]