Sissel Bjørstad Skille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sissel Bjørstad Skille

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mars 1945 (79 år)
Salangen kommune
Sissel Bjørstad Skille på Commons

Sissel Bjørstad Skille (fødd 18. mars 1945) er ein norsk dokkemakar, oppvaksen i Sortland og busett i Trondheim. Ho er ein internasjonalt anerkjend dokkekunstnar og stiller ut og sel dokker i fleire land.[1] Skilles dokker er ikkje leiketøy for barn. Ho lagar såkalla kunstnardokker, originaldokker som vert kjøpte av samlarar frå heile verda for prisar på opp til 10 000 dollar.[2] I engelsktalande land omtalar ein ofte slike dokker som «OOAK dolls»; OOAK står for «one of a kind». Ho har fått fleire utmerkingar for arbeida sine. Nokre av dokkene vert reproduserte i vinyl av det tyske firmaet Götz. Desse reproduksjonane er samleobjekt og vert produsert i ei avgrensa mengd, frå 100 til 1 000 eksemplar.[3]

Utdanning og utvikling[endre | endre wikiteksten]

S.B. Skille-dokker frå tre periodar. I stolen: Ein av dei første dokkene, med hovud av gips, dyppa i bivoks (tidleg 1980-tal). Ståande: Dokka Jonette (rundt 2010), med dokka frå midten av 1980-talet (porselenshovud, stoffkropp)
Foto: S.B. Skille
Dokka Oktober (ca. 1990; 65 cm høy; porselenshovud, -armar og -bein), inspirert av eit kalendarfoto
Foto: T.M. Hetland

Sissel Bjørstad Skille er selvlært som dokkemakar. I 1969-1970 gjekk ho eit år på Nordisk dekoratørskule i Hørning ved Ålborg. Etter dette gjekk ho treårig lærarskule i Tromsø, og vart uteksaminert derfrå i 1974. Ho arbeidde som lærar i 25 år, men dokkedesign og -produksjon tok stadig meir tid og vart etterkvart vanskeleg å kombinera med lærarjobben. Frå 2000 arbeidde ho med dokker på heltid.

Skille har alltid vore fascinert av dokker og barneandlet.[4] Ho har òg alltid likt å teikna og modellera, og i 1981 kombinerte ho desse interessene, då ho laga si fyrste dokke.[5] Dette vart byrjinga på det som først var ein hobby, og deretter vart hennes profesjon. I starten var antikke dokke hennar inspirasjon. Skille byrja å samla på slike, og ho freista å laga dokker som likna mest mogleg på dei.[6]

Frå 1989, etter at ho byrja å modellera kvar enkel dokke, fann ho inspirasjon i born som ho møtte og i fotografi av barneandlet, utan at ho prøvde å kopiera dei. «Skulle eg kopiert andlet, ville eg vore meir oppteken av det enn å gjera dem levande. Difor memorerer eg heller visse trekk hos barn eg ser».[7]

I tillegg til dokkene, laga ho tidlegare bilete og nåler av både Cernit og porselen.[8]

Ho er medlem av Trondheim og Omegn Dokkemakerforening, og har haldt eigne kurs i regi av samskipnaden.

I media[endre | endre wikiteksten]

Skilles arbeid er presentert i fleire bøker, både norske og utanlandske, og dei vert ofte attgjeve i tidsskrift.[9] Dokkene hennar vert òg ofte presentert på nettstadar med kunstnardokker for dokkesamlarar.

I 1996 vart ho portrettert av Andreas Lunnan i NRK1-programmet «Smil, dokke Lise», der ein blant anna fekk følgja heile prosessen med modellering av ei av hennar store Cernit-dokker.

Materialar og teknikkar[endre | endre wikiteksten]

Døme på samlardokke frå Georgetown Collection Inc.



T.v. Skille si originaldokka «Anne» (Cernit), ca 80 cm høg; t.h. «Hope», ca. 43 cm, porselensreproduksjon av Anne.
Foto: S.B. Skille
Døme på samlardokke frå Götz.



T.h. Skille si originaldokke i Cernit, ca. 70 cm høg; t.v. vinyldokka «Rashanee», ca 66 cm høg, reprodusert i ei avgrensa mengd.
Foto: S.B. Skille

Skille har sidan tidleg 1990-tal modellert sine kunstnardokker i ein PVC-basert modelleire. Dokkene vert som regel laga ved bruk av Cernit. Dokkenes hovud og nedste del av armar og bein vert laga i dette materialet. Etter at dokkedelane er ferdig designa og modellert, steikast dei i omn så materialen herdast og vert formbart. Ho målar dei ferdige hovuda med oljemåling. Dukkenes parykkar er av ekte hår, eller mohair, og auga er av glas. Kroppane er av stoff, fylt med ull. Dei vert forma rundt eit ledda «plastskjelett», som gjer det mogleg å plassera dokkene i ulike positurar.[10] I tillegg til å modellera dokkene, syr Skille stort sett alle dokkenes klede sjølv. Ei kusine gjer ein del av strikkearbeidet. Ho og mor til Skille har i tillegg brodert på enkelte av plagga, blant anna på bunadene.

Framstillingsprosessen er tidkrevande, frå klargjøring av modelleira, fram til dokka står ferdig. Skille rekk ikkje lage meir enn 8–12 dokker i året.[11]

Den fyrste dokka Skille laga, i 1981, fekk hovud av trolldeig, stoffkropp og hår av farga rørleggerstry.[12] Ho og ektemannen hennar eksperimenterte med ulike material og framstillingsmåtar, og etter å ha prøvd gipshovud dyppa i bivoks, vart neste ledd i utviklinga å laga dokkenes hovud, av Cernit. Skille modellerte først eit hovud i vanleg modellérkitt. Utanpå dette laga dei ei gipsform – som ho deretter trykte Cernit inn i, for å laga det endelege hovudet. Etterpå vart dette steikt i omn for å herdast.[13]

Seinare fekk Skille tak i porselen, og prosessen vart enklare. «Porselens-vellinga» kunne tømmast inn i gipsforma, vert herdt der ei stund, og seinare vert den brunne. Skille laga fleire hovud av kvar modell, men dokkene fekk ulike uttrykk, hår og klede. Dei første porselensdokkene hennar var mellom 25 og 35 cm høge. Nokre av dei minste hadde stoffkroppar, fylt med ull. Enkelte hadde ferdigkjøpte kroppar med leddete armar og bein. Dei litt større dokkene hadde hovud, armar og bein av porselen, og kroppar av stoff. Ho laga rundt 100 stykk av denne typen dokker.[14] Det var avgrensa kor mykje ho fekk vist av dokka si karakter i det vesle formatet. På slutten av 1980-talet byrja ho difor å lage mykje større porselensdokker. Nokre av dei var nesten 80 cm høge.

I 1989 fekk Skille sjå bilete av tyske kunstnardokker som var modellert direkte i PVC-leire. Dette vart eit vendepunkt i hennar måte å laga dokker på. Ho gjekk attende til å bruka Cernit, men no modellerte ho kvart enkelt hovud, i staden for å støypa dei i form. Dermed vart alle dokkene unike, og høvet til å gje dei ulike uttrykk vart mykje større.[15] Dette er den framgongsmåten ho i 2016 enno nyttar.

Reproduksjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1993 innleidde Sissel Bjørstad Skille eit samarbeid med ein amerikansk dokkefabrikant, Georgetown Collection Inc. Ho designa, modellerte og kledde opp dokker, som firmaet etterpå reproduserte i porselen for den amerikanske samlarmarknaden. Overføringa av andletstrekk frå Skile sine Cernit-dokker på ca. 70 cm til Georgetowns porselensdokker på rundt 40 cm var problematisk. Dokkene mista mykje av uttrykket, og Skille var ikkje heilt nøgd med resultata, men ho nådde ut til ein stor marknad, og samarbeidet varte i rundt fem år.[16]

I 1998 inngjekk Skille ei avtale med den tyske dokkefabrikken Götz om å modellera ei viss mengd dokker for dei. På same måte som for den amerikanske fabrikanten, lagar Skille originaldokka i Cernit. Dei første gongane sende ho så dokka til Tyskland, det vart teke avstøypning av hovud, armar og bein – og deretter laga Götz reproduksjonar i vinyl i ei avgrensa mengd (100–1000). Avstøpningen øydela til ein viss grad originalhovudet. Ein annan fremgangsmåte som vart freista, var at Skille modellerte originalen, denne vart så sendt til eit firma som laga digitale 3D-framstillingar av den. 3D-modellen kunne til ein viss grad justerast, og deretter vert sendt til eit anna firma som skreiv ut hovudet på ein 3D-skriv. Hovudet kunne igjen justerast noko, før det vart herda og sendt til Götz for reproduksjon.

Reproduksjonane inngår i Götz' seriar med samlardokker, der Sissel Bjørstad Skille er éin av fire kunstnarar.[17] Ho har i tillegg designa nokre få leikedokker for firmaet.

Dokka Isabelle, som vann Käthe Kruse-prisen under Global Doll Society Convention i København 2001
Foto: S.B. Skille

Jeg er et dukkemenneske. Dukkene er omgitt av en egen magi som ikke kan overføres til skulpturer og annen billedkunst.

  • Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum 1992, 1995, 1996
  • Global Doll Society, Stavanger 1991
  • Maihaugen, Lillehammer 1996
  • Festspillene i Nord-Norge, Harstad 1999 (separatutstilling)
  • Trondhjems Kunstforening, 2009 (separatutstilling)
  • New York Toy Fair, USA 1992–1996
  • «Masterpieces of the world», New York 1993–1996
  • International Doll Art Show, Chicago 1995–1998
  • Santa Fe Doll Art Show, USA 1996
  • Doll Art International, Frankfurt am Main 2000
  • Den internasjonale leketøysmessen i Nürnberg 1997, 1998, 2000
  • La poupée aujourd'hui – un art vivant, Paris 1998
  • Masterpieces at Spiegelhof, Grimbergen, Belgia 1998
  • Global Doll Society, København 2001
  • International Doll Exhibition (IDEX), Orlando, USA 2005
  • «Opus Magnum», New York 2006
  • Wachtanoff gallery, Moskva 2005–2008

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Max-Oscar-Arnold Kunstpreis 2016 og nokon av S.B. Skille sine dokker
Foto: Kj. Lie

Sissel Bjørstad Skille har fått fleire nominasjonar og prisar på utstillingar i Noreg, Tyskland, USA og Russland. Hennar kunstnardokker fins i samlingar i endå fleire land.[18] Fem av dei er blant anna selt til Sekiguchi Doll Garden i Japan.

I 1991 fekk Skille publikumsprisen og pris for beste dokka ved Global Doll Societys utstilling i Stavanger.

I 1995 deltok ho i konkurransen «Der gläserne Feenstaab», (glastryllestaven), Internationaler Preis für Puppenkunst 1995 i Tyskland. 160 dokker av ulike kunstnarar var innlevert til juryering (vurdering). Skille fekk førstepris i kategorien «Kinder» (barn) for sine dokker.[10]

På Global Doll Society Convention i København 2001, vart ho tildelt Käthe Kruse Trophy for beste dokka laga av profesjonelle utstillarar.

Skille har delteke på utstillingane ved Wachtanoff-galleriet i Moskva. Her har ho kvar gong motteke ulike prisar og utmerkingar.

I 2016 vart Sissel Bjørstad Skille tildelt Max-Oscar-Arnold Kunstpreis '16 ved den 25. internasjonalen dokkefestivalen i den tyske byen Neustadt bei Coburg.[19] Fullt namn på prisen er Max-Oscar-Arnold Kunstpreis für zeitgenössische Puppenkunst, für das beste Gesamtwerk eines etablierten Künstler (norsk: Max-Oscar-Arnold kunstpris for samtidsdokkekunst, for det beste samla verket av ein etablert kunstnar)

Dokka Thea, modellert i PVC-basert leire.
Foto: S.B. Skille

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trondhjems Kunstforenings informasjon om en utstilling av Skilles dukker Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine. Besøkt 26. desember 2013
  2. Dollery.com.s presentasjon av noen av Skilles dukker Besøkt 8. oktober 2013
  3. Götz' informasjon om de nyeste samlerdukkene i Sissel Bjørstad Skilles designBesøkt 12. oktober 2013
  4. Skille, S.B. «Barneansiktet» i Green (2009)
  5. Kürpick (2001), s. 22
  6. Pursley (1999)
  7. Østli, Kjetil S. (1996)
  8. Tysnes, Inge O. (1988) «Sissel er dukkemamma i Trondheim». I: Norsk ukeblad 16. februar nr. 7, s. 122
  9. Stegemann (1996), s. 34
  10. 10,0 10,1 Riesser (1995), s. 47
  11. «Sissel Björstad Skille» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 5. april 2017. Henta 20. februar 2018. 
  12. Isdal (1985)
  13. Tysnes (1988)
  14. Enevoldsen (1996)
  15. Stegemann (1996), s. 33
  16. Straume (1995)
  17. «Künstlerpuppen | Götz-Shop - Götz Puppenmanufaktur» (på tysk). Henta 20. februar 2018. 
  18. Oma, Lars A. (1999) «Kunstnerdukkene, fortryllende sjarmtroll». I: Bladet Harstad, festspill 99 25. juni 1999, s. 19
  19. «Arnold-Kunstpreis Neustadt: Hier alle Gewinner!». inFranken.de (på tysk). 
  • Denne artikkelen bygger på «Sissel Bjørstad Skille» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.
  • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  • Almhjell, Tone (2000) «Et dukkehjem». I: Adresseavisen tema 17. juni 2000, s. 12
  • Clay, Elsbeth (2003) «Capturing the wonder of childhood». I: Doll reader, september 2003, s. 26–29
  • Diepen, Piërre van (2014) «Sissel Bjørstad Skille». I: Poppen & Teddy-Beer, vinter 2014, s. 16–19. (nederlandsk)
  • Enevoldsen, Ruth (1996) «Sissel Bjørstad Skille – portrett av en ekte dukkekunstner». I: På jakt etter norske dukker, s. 102–105 Oslo, Allehånde. ISBN 82-7774-055-7
  • Green, Mette R. og Per Chr. Jørstad (2009) Sissel Bjørstad Skille – Dukker (utstillingskatalog). Trondheim, Trondhjems Kunstforening
  • Haukenfrers, Uwe (1997) Masterpieces of the world 1997, s. 116–117. Eschwege Dollami-Verl. ISBN 9783930687114
  • Isdal, Rut Anne (1985) «Personligheter i porselen». I: uke-Adressa (tillegg til Adresseavisen) 19. oktober 1985, s. 10–11
  • Joner, Tone B. (1992) «Cernit-dukker». I: Lag dukker selv, s. 46–56. Oslo, Ex Libris. ISBN 8273842258 (om SBS' modellering og fremstilling av dukker)
  • Kürpick, Anne (2001) «Kreativität und Inspiration, natürliche Kreationen von Sissel Bjørstad Skille». I: Puppen & Spielzeug, 26. Jahrgang, Heft 7, s. 22–25
  • Meintz, Tobias (2016) «Sissel Skilles meisterhafte Kinderpuppen : absolut lebensecht». I: Puppen & Spielzeug, 1/2015, s. 6–8 (tysk)
  • Nergård, Halldis (2005) «Dukkemaker til USA». I: Adresseavisen, 10. januar 2005, s. 3
  • Newman, Penny (2003) «Nordic beauty: Sissel Skille's extraordinary doll children». I: Dolls, Holiday issue 2003, s. 64–67
  • Pursley, J. M. (1999) The world's most beautiful dolls, vol. II. Cumberland (MD), Portfolio Press. ISBN 9780942620535
  • Riesser, Ingeborg (1995) «Beautés venues du grand nord». I: Le Magazine de la Maison de Poupée et de la poupée d'artiste, årg. 9, nr 32, s. 45–47
  • Riesser, Ingeborg (1996) La poupée aujourd'hui, un art vivant. Paris, Massin. ISBN 9782707202918 (fransk) (Bl.a. om forskjell på dukkemakere og dukkekunstnere, og om fremvekst av et internasjonalt miljø for dukkekunstnere og samlere av kunstdukker. S.B. Skille er en av de biograferte kunstnerne (s. 140))
  • Sissel Bjørstad Skille - kunstnerdukker. Harstad, 1999. Katalog for utstillingen under Festspillene i Nord-Norge. Mangfoldiggjort.
  • Stegemann, Berit S. (1996) «Künstlerportät: Sissel Björstad Skille». I: Dollami - die kreative Puppenwelt, 6/96, s. 32–34
  • Straume, Knut E. (1995) «Et ekte dukkehjem». I: Dagbladet Lørdag 29. juli 1995, s. 12–13
  • Østli, Kjetil S. (1996) «Mamma til over 400 barn». I: Programbladet, nr. 27/28, s. 12–13

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]