Sissel Castberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sissel Castberg
Fødd 21. november 1927
Død

23. mars 1988 (60 år)

Yrke skribent, journalist, pottemakar
Far Frede Castberg Sjå dette på Wikidata

Sissel Castberg (21. november 192723. mars 1988)[1] var ein norsk forfattar, journalist, keramikar og homoaktivist.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Sissel Castberg var dotter av jurist og professor Frede Castberg (1893–1977) og kusina hans Ella Anker (1903–1974), og sonedotter av sakføraren og den radikale Venstre-politikaren Johan Castberg.[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sissel Castberg vaks opp i Oslo, og budde store delar av andre verdskrigen som landflyktig i Stockholm. Tidleg i 1950-åra tok ho utdanning i Danmark, og fekk svennebrev som keramikar. Ho dreiv deretter ein eigen verkstad, der ho òg dreiv barnehage..[3]

Sidan byrja ho å arbeide med revyar og songtekstar. Ho er mellom anna kjend for «Tannpussevise», som ho skreiv saman med Kåre Grøttum mot slutten av 1960-åra. I same periode skreiv ho òg tre høyrespel, som alle vart sende i NRK. Frå 1979 skreiv ho litteraturanmeldingar i Arbeiderbladet, og i 30 år skreiv ho dikt for Dagbladet.[4] I 1980-åra engasjerte ho seg i verkstadsteateret Det Åpne Teater.

Castberg var mellom dei første som engasjerte seg i Det norske forbundet av 1948. I samband med at stortingsrepresentanten Wenche Lowzow, Kim Friele sin sambuar, stod ope fram som homofil i 1979, skreiv Castberg songen Annleis som ei direkte hyllest til denne handlinga. Han vart skriven til revyen «L/L Wang & Nilsen» med Sølvi Wang og Rolf Just Nilsen. Revyen hadde premiere på Det Norske Teatret 24. november 1979.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: Bryllupsdagen (høyrespel, sendt i NRK 9/1 1966)
  • 1968: Du skjønner da det, ikke sant? (høyrespel, sendt i NRK 2/12 1968)
  • 1969: Bli forsørja og ha det godt (høyrespel, sendt i NRK 13/7 1969)[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arbeiderbladet 1988.04.19. Norge, Oslo. 1988. s. 40. 
  2. 2,0 2,1 «Sissel Castberg», Skeivt arkiv, 21. februar 2019, henta 20. april 2022 
  3. Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Dreyer. 1987. s. 74. ISBN 8209104268. 
  4. 4,0 4,1 «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 20. april 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]