Sissel Keyn Lodding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sissel Keyn Lodding
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. oktober 1949
Oslo Sjå dette på Wikidata
Død

26. februar 2000 (50 år)

Yrke journalist

Sissel Keyn Lodding (8. oktober 194926. februar 2000) var ein norsk frilansjournalist.[1] Ho var òg programleiar for den norske finalen i Melodi Grand Prix 1984.

Lodding vart fødd og voks opp i Oslo, og budde seinare ni år i England og sju i USA. Tilbake i Noreg tok ho utdanning innan journalistikk, etnologi og språk. Ho jobba blant anna som journalist i Aftenposten, og ho skreiv fleire bøker for barn og unge retta mot eit amerikansk publikum.[2] I 1996 gav ho ut matboka Fra bambusskudd til gurkemeie: på oppdagelsesferd i innvandrerbutikkeneAschehoug forlag.[3]

Hausten 1983 vart ho plukka ut som eit av fleire unge fjes av NRKs underhaldningsavdeling, og trass mangelen på programleiarrøynsle fekk ho jobben med å leia den norske finalen i Melodi Grand Prix 1984.[4] Detta var den einaste store tv-jobben ho hadde i løpet av karrieren. Ho budde i Oslo fram til ho døydde vinteren 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dødsfall i Norge – Sissel Keyn Lodding». Arkivverket. Henta 20. januar 2017. 
  2. Grue, Øystein (22. februar 1984). «Grand Prix med ny programleder: Mer profesjonelt». Aftenposten. s. 38. 
  3. Lodding, Sissel Keyn (1996). Fra bambusskudd til gurkemeie : på oppdagelsesferd i innvandrerbutikkene. Aschehoug. ISBN 8252544789. 
  4. Hagen, Claus (5. april 1984). «Lynkurs for Sissel foran Grand Prix-finalen». Dagbladet (tv-magasinet). s. 6.