Sissel Knutsen Hegdal
Sissel Knutsen Hegdal | |||
Fødd | 20. november 1965 (59 år) Harstad kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre (ukjend; september 2024), partilaus (september 2024) | ||
Yrke | advokat, lokalpolitikar | ||
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø | ||
Alle verv |
Sissel Knutsen Hegdal (fødd 20. november 1965) er ein norsk politikar. Ho var ordførar i Stavanger kommune frå 23. oktober 2023 til 14. oktober 2024.[1][2][3]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hegdal vart fødd i Harstad, og har to eldre sysken. Ho studerte rettsvitskap og sosialøkonomi ved Universitetet i Tromsø. Hegdal flytta til Stavanger januar 1992. Ho er gift og har tre born.[4] Utanom politikk har Hegdal yrkt som styreleiar og styremedlem i ulike verksemder, i tillegg til å vera advokat.[5]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Hegdal byrja sin politiske karriere i 2003 etter å ha vore FAU-leiar ved skulen borna hennar gjekk.[5] Ho var vararepresentant til Stortinget for Rogaland i periodane 2009–2013 og 2013–2017.[6] Den 18. november 2021 vart ho valt til å vera ordførarkandidat for Høgre i Stavanger ved kommunevalet 2023.[7]
Skandale
[endre | endre wikiteksten]I september 2024 kom det fram i media at Hegdal hadde misbrukt partimidla til Stavanger Høgre; totalt 51 148 kroner vart nøytte til privat forbruk under valkampen 2023. Kort tid etter at saka vart kjend, uttrykte Hegdal at ho ville trekkja seg som ordførar på dagen.[8] I eit lengre intervju i Stavanger Aftenblad innrømde ho mellom anna å ha nøytt 7 500 kroner av midla til Stavanger Høgre på ein familiemiddag etter valkampen. Vidare innrømde Hegdal at ho fakturerte Høgre for nesten 12 000 kroner for eit festivalpass for hennar eigen og hennar politiske rådgjevar sin ektefelle.[9] Ved minst ni høve, inkludert netthandel og flybillettar, nøytte ho eit betalingskort knytt til bystyregruppa sin konto utan dokumenterte jobbrelaterte føremål. Same dag som ho uttrykte avgang som ordførar, var 51 148 kroner betalt tilbake.[8] Meiningane var delte om det var naudsynt at ho måtte trekkja seg.[10][11] Ei veke etter at saka vart kjend, og sidan Hegdal hadde uttrykt å gå av som ordførar, hadde ho framleis ikkje levert inn søknaden om å gå av. Dette resulterte i at Stavanger Høgre si bystyregruppe ynskte at Hegdal sende inn søknaden om avgang, etter eit ekstraordinært møte. Hegdal melde seg då ut or partiet.[12] Frå og med 4. september vart Hegdal sjukemeldt,[13] dimed var det varaordførar Henrik Halleland frå KrF som var fungerande ordførar.[14]
Stavanger bystyre gav einrøystes støtte til fritakssøknaden til Hegdal den 14. oktober 2024, og Tormod Losnedal vart valt som etterfylgjaren.[15][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ordfører Sissel Knutsen Hegdal». Stavanger kommune. Henta 23. oktober 2023.
- ↑ «Nå er Sissel Knutsen Hegdal ordfører i Stavanger» (på norsk bokmål). NRK. Henta 23. oktober 2023.
- ↑ 3,0 3,1 Marius Medby. «Sissel Knutsen Hegdal får fritak fra jobben som Stavanger-ordfører, melder Aftenbladet» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 14. oktober 2024.
- ↑ «Sissel Knutsen Hegdal – ordførerkandidat» (på norsk bokmål). Høyre. Henta 19. juni 2023.
- ↑ 5,0 5,1 Sissel Knutsen Hegdal. «Sissel Knutsen Hegdal» (på norsk bokmål). Linkedin. Henta 19. juni 2023.
- ↑ «Sissel Knutsen Hegdal». Stortinget.no.
- ↑ Daniel Aamodt. «Sissel Knutsen Hegdal er Stavanger Høyres ordførerkandidat» (på norsk bokmål). Høyre. Henta 19. juni 2023.
- ↑ 8,0 8,1 Silje Lien Sveen; Martha C. S. Holmes; Eirik Røsvik & Stella Bugge (4. september 2024). «Ordføreren i Stavanger går av på dagen». VG (på norsk bokmål). Henta 4. september 2024.
- ↑ «Sissel Knutsen Hegdal går av som ordfører i Stavanger: – Jeg er lei meg». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). 4. september 2024. Henta 4. september 2024.
- ↑ «Stavanger Høyre uenig i at ordføreren måtte trekke seg» (på norsk bokmål). NRK. Henta 14. september 2024.
- ↑ Emilie Rydning; Isak Løve Pilskog Loe & Silje Lien Sveen. «Slår tilbake: – Jeg er ordfører» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 14. september 2024.
- ↑ Berit Helle Jonsbråten; Håkon Jonassen Norheim; Gunnar Morsund & Kari Lie. «Bystyregruppa ønsker at Knutsen Hegdal går av som ordførar – melde seg ut av partiet» (på norsk bokmål). NRK. Henta 13. september 2024.
- ↑ «Stavanger-ordfører fortsatt sykemeldt» (på norsk bokmål). NRK. Henta 14. oktober 2024.
- ↑ Stavanger kommunes hjemmeside. «Varaordfører Henrik Halleland». Henta 7. september 2024.
- ↑ «Sissel Knutsen Hegdal er fritatt som ordfører i Stavanger: Losnedal er ny ordfører» (på norsk bokmål). NRK Rogaland. 14. oktober 2024. Henta 14. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]