Sisyfos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sisyfos måla av symbolisten Franz von Stuck i 1920.

Sisyfos (Σίσυφος) var konge, helt og skrekkeksempel i gresk mytologi. Han er kjend for den evige straffa si med å rulla ein stein opp på eit fjell, og har gjeve opphav til uttrykket sisyfosarbeid.

Sisyfos skal ha grunnlagt og vore konge av Korint. Han var son av Aiolos og Enarete og gift med Merope, som han fekk den seinare korintarkongen Glaukos med. I nokre seinare kjelder blir det òg sagt at han var far til Odyssevs.

Den sløge kongen[endre | endre wikiteksten]

Som konge skal han ha oppmuntra skipsfart og handel, men òg ha prøvd å karra til seg mest mogleg rikdom, gjerne ved å drepa reisande. Homer og seinare diktarar kallar han ein av dei største sløgingane i verda. Då dødsguden, Thanatos, kom for å henta han, klarte kongen å lenkja han fast slik at verken han eller nokon andre trong å døy. Til slutt måtte Ares koma og fri guden, medan Sisyfos blei send til dødsriket.

Kongen hadde fleire kort i ermet. Han hadde avtalt med kona si at ho ikkje skulle ofra noko for han, slik ein brukte å gjera for dei døde. Han gjekk til Hades og klaga over at kona ikkje utførte pliktene sine, og bad om å få dra tilbake til jorda og snakka til henne. Så snart han var fri, nekta han å dra tilbake. Til slutt måtte Hermes ta han til dødsriket med makt.

Som straff for alle triksa, ugjerningane eller at han hadde røpa gudane sine løynder, måtte Sisyfos dytta ein stor stein opp på eit fjell. Så snart steinen var oppå toppen, rulla han ned igjen, og Sisyfos måtte ta til på nytt. Av dette har me fått uttrykket sisyfosarbeid, om eit tungt og endelaust arbeid som tilsynelatande ikkje fører nokon veg fram.

Sysifos har fascinert seinare kunstnarar og tenkjarar fram til vår tid. Welcker meiner han skildrar mennesket som stendig tørster etter meir kunne. I essayet Le Mythe de Sisyphe liknar Albert Camus Sisyfos med menneskelivet, som er eit absurd strev utan mål, og som me likevel lever.