Sitronerle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sitronerle

Status i verda: LC Livskraftig

Sitronerle i India i februar 2014 Foto: David V Raju
Sitronerle i India i februar 2014
Foto: David V Raju
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Motacillidae
Slekt: Motacilla
Art: M. citreola
Namn på andre språk
  • Engelsk: Citrine Wagtail
  • Vitskapleg namn
    Motacilla citreola

    Sitronerle (Motacilla citreola) er ei fargerik lita erle som hekkar i austlegaste Europa og i Asia nord for Himalaya. Ho er ein trekkfugl som lever på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia vinterstid.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ei lita og slank erle, ca. 15,5 til 17 centimeter. Ho har relativt kortare stjert enn vintererle, men noko lengre enn gulerle som ho elles har mykje likskap med i fjørdrakta. Ho skil seg elles frå andre gule erler med tydelege kvite vengband. Hannfuglar i hekkedrakt har gult bryst og underside, samt heilt sitrongult hovud noko som ingen andre erler syner. Men nakken og nakkeband er svart og ryggen grå som hos linerla. Hoa er litt mindre kraftig gul i hekkedrakta enn hannen. I vinterdrakt får begge grått på kinn og i panne og gulfarga blir bleikare.[1] Hannfuglar av underarten som hekkar i Iran og Afghanistan har meir kontrastrik hekkedrakt med svart rygg og større kvitt felt på vengene i staden for to kvite band.[2]

    Dei føretrekk våte habitat ved myrer, innsjøar og elvebredder med buskar av vierslekta, eller grassletter på tundraen. Dei kan hekke frå havnivå og heilt opp til 4600 moh.

    Utbreiingsområdet for hekking er frå Finland, Polen og Ukraina i vest over Russland, austover til omtrent Khatangabukta i nordaust, over heile Mongolia og til Hulun Buir-provinsen i nordaustlegaste Kina. I nord hekkar ho på tundraen mot Karahavet. Hekkeområdet strekker seg i sør meir fragmentert i sentrale og austlege Tyrkia og nordlege Iran. Dessutan i delar av Afghanistan og vide område i sentrale og vestlege Kina. Arten har fråvære frå mykje av nordvestlege Russland, til dømes Leningrad oblast, Karelia og Vologda oblast. Vinterkvarteret til sitronerla er meir avgrensa, hovudsakleg Det indiske subkontinentet, sørlege Iran, nordlegaste Søraust-Asia og langs sørkysten av Kina.[2]

    Mellom 1970 og juni 2018 var det over 230 registreringar av sitronerle på streif i Noreg. Kommunar med flest registreringar er øykommunane Røst og Utsira, dessutan ved Lista, ved Reve i Klepp kommune og i Kragerø kommune. Dei fleste fuglane som kjem til Noreg er ungfuglar om hausten.[3]

    Føda vil inkludere vassdyr og larvene deira som dei plukkar frå vassoverflata. Dei kan vade på grunt vatn. På land plukkar dei edderkoppar, tovengjer og andre insekt. Dei kan òg hoppe opp og snappe insekt i lufta.[2]

    Sitronerler har ofte to kull i året, kvart på 3 til 6 egg. Begge foreldra rugar i 11 og opptil 15 dagar, ungane held seg i reiret til dei er mellom 10 og 13 dagar gamle.[2]

    Populasjonen er estimert til mellom 2 og 5 millionar individ og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Tyler, S. & Kirwan, G.M. (2018) Citrine Wagtail (Motacilla citreola) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 13. juni 2018
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 13. juni 2017. 
    4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Motacilla citreola. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. juni 2018

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sitronerle