Siv Bråten Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Siv Bråten)
Siv Bråten Lunde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1960 (63 år)
Noreg
Idrett skiskyting

Siv Bråten Lunde (fødd 31. desember 1960) er ein norsk tidlegare skiskyttar som var medlem av Tingelstad Skiskyttarlag i Oppland.

Siv Bråten enda på andreplass i verdscupen i skiskyting 1983, den aller fyrste sesongen med skiskytingsrenn for kvinner. Landskvinna Gry Østvik vann pokalen. Både i 1985 og 1986 gjekk på dei norske laga som tok VM-sølv i 3 x 5 km stafett, individuelt var ho nummer seks både på 5 km og 10 km i VM 1984. Under VM i skiskyting 1986 i Falun vann ho sølvmedaljen på 10 km og fekk bronse i stafetten. I 1987 fekk ho, og lagvenninna Sanna Grønlid, si fjerde VM-medalje i stafett, ein bronsemedalje. Dagen før vart ho nummer fem på 5km sprint.

Siv Bråten Lunde vann tre NM-gull individuelt. Ho vann 10 km på Geilo i 1986 og vart dobbelmeister i Tromsø året etter.

Sidan 1986 er ho gift med Ola Lunde, landslagstrenar for Noreg nokre år på 1990-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.