Sivasj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°05′N 34°20′E
Sivasj
Syvasj
bukt
none  Satelittbilete i naturlege fargar av Sivasj
Satelittbilete i naturlege fargar av Sivasj
Kallenamn: Ròtesjøen, Ròtehavet
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
elv Salgir
stad Svartehavet
 - koordinatar 46°05′N 34°20′E
Lengd 200 km
Breidde 35 km
Djupne 0,5–1 m
 - Største djupne m
Areal 2 560 km²
Saltinnhald 22-87‰
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sivash

Syvasj eller Sivasj òg kjend som Ròtehavet (ukrainsk Сиваш, Гниле Море; russisk Сиваш, Гнилое Море; krimtatarisk Sıvaş, Çürük Deñiz) er fleire grunne lagunar på vestkysten av Azovhavet (nordaustkysten av Krimhalvøya i Ukraina). Sıvaş på krimtatarisk tyder skit. Området dekkjer i alt 2 560 km², er 200 km langt og opp til 35 km breitt. Med landområde dekkjer heile Sivasjsystemet over 10 000 km².

Området skjer nesten Krimhalvøya av frå fastlandet og fungerer som ei naturleg grensa mellom Den autonome republikken Krim og Kherson oblast som går gjennom Sivasj. Det er skild frå Azovhavet av det lange (110 km), smale (maks 500 m) Arabatneset, berre avbroten i nord av Henitsjesksundet og ved enden av sundet ligg hamnebyen Henitsjesk. Perekopeidet skil Sivasj frå Svartehavet og knyt Krimhalvøya til fastlandet.

Sivasj er ekstremt grunn. På det djupaste er lagunen kring 3 meter, men i snitt berre 0,5 til 1 meter. Botnen er dekt av eit opp til 5 meter tjukt lag med mudder. Sidan Sivasj er særs grunn vert det varma raskt opp om sommaren, noko som medfører ei rotelukt, som har gjeve det kallenamnet Rotehavet. Av same årsak er vatnet særs salt. Mengda salt er estimert til å vere 200 millionar tonn. Fleire fabrikkar hentar mineralar frå Sivasj. Sivasj er eit internasjonalt viktig våtmarksområde. Breiddene er låge, myrlendte og salte. Om sommaren minkar vassnivået i Sivasj stort og ei gold solonets-jord kalla sivasjes av dei lokale kjem til syne.

Sivasj kan delast inn i Vest-Sivasj og Aust-Sivasj, knytt til kvarandre med Tsjongarsundet.

I historia til den russiske borgarkrigen, vart Sivasj kjend for den overraskande kryssinga til den raude armeen under Perekop-Tsjongar-operasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]