Sivert Pålsson Bratberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sivert Bratberg)
Sivert Pålsson Bratberg
Fødd1780
Beitstad i Nord-Trøndelag
Død27. juni 1816 (36 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeLærar og gardbrukar
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata

Sivert Pålsson Bratberg (178027. juni 1816) var ein norsk lærar, gardbrukar og eidsvollsmann frå Solberg sokn i Beitstad i Nord-Trøndelag.[1]

Bratberg var i yngre år omgangsskulelærar i Solberg. Sidan var han gardbrukar på garden Velde i heimbygda. I 1814 var han utsending frå Nordre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll.[2]

Det er noko uklårt kva for eit parti han stemde med, Eidsvoll 1814 oppgjer at det er ukjend og Store norske leksikon skriv at han moglegvis tilhøyrde Sjølvstendepartiet.[3][4]

Han døydde på garden sin sommaren 1816, etter å ha vorte sparka av ein hest.[1]

I 1914 blei det reist eit minnesmerke over Bratberg og eidsvollmannen Daniel Larsson Skjevik på Solberg gamle kyrkjegard på Beitstad i Steinkjer.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, Kristiania, 1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 123
  2. Biografisk informasjon om Sivert Pålsson Bratberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. «Sivert Paulsen Bratberg». Eidsvoll 1814. Henta 5. mai 2017. 
  4. Sivert Paulsen Bratberg i Store Norske Leksikon
  5. Solberg gamle kirkegård frå Steinkjerleksikonet