Sivert N. Nesbø
Utsjånad
Sivert N. Nesbø | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. mai 1982 (42 år) |
Yrke | skribent |
Sivert Nikolai Nesbø (fødd 26. mai 1982) er ein norsk forfattar og akademileiar ved Skrivekunstakademiet.[1]
Nesbø er frå Førde, og er busett i Bergen. Han har teke årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Bergen[2] og debuterte i 2013 med romanen Skårgangar.[3] Han har sidan skrive fleire kritikarroste romanar. Den fyrste barneboka hans, Hauk, kom i 2019, illustrert av Susanna Kajermo. Varme og vatn kom i 2021. Same år kom òg Framom døden, ei omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying frå 1930. For denne vart han nominert til Bastianprisen.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 2013 – Skårgangar (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-42350-6
- 2015 – Som eit barn (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-47981-7
- 2018 – Sjøen om vinteren (Oslo: Tiden). ISBN 978-82-10-05677-2
- 2019 – Hauk (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9834-8 [Sivert Nesbø og Susanna Kajermo]
- 2021 – Varme og vatn (Oslo: Tiden). ISBN 9788210058004
- 2021 – Framom døden (Leikanger: Skald). ISBN 9788279593331
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 2009 – I: Stille når gruppe : antologi for Skrivekunstakademiet i Hordaland 2009 (Bergen: Skrivekunstakademiet i Hordaland)
- 2011 – I: Signaler : Cappelen Damms årlige debutantantologi med inviterte etablerte 2011 (Oslo: Cappelen Damm)
Prisar og nominasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Nominert til Bastianprisen 2022 for Framom døden
- Målprisen 2022, Førde mållag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ TILSETTE og faste gjestelærarar | Skrivekunstakademiet, henta 8. februar 2022
- ↑ «Skrivekunstakademiet i Hordaland: Tidlegare studentar». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 8. juni 2015.
- ↑ «Cappelen Damm: Skårgangar». Henta 10. juni 2015.