Sivert Todal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivert Todal
Fødd13. september 1904
Død30. september 1988 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Sivert Todal (13. september 190230. september 1988) var ein norsk gardbrukar og politikar frå AureNordmøre, som representerte partiet VenstreStortinget i åtte år.

Todal, som var son til ein gardbrukar, gjekk i 1924 fylkeslandbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes herad. Han var aktiv i ungdomslagsrørsla, formann 1934-39 i Nordmøre Ungdomslag. I 1941 tok han over farsgarden, eit bruk han dreiv til han vart 70. Åra 1952-57 var han ordførar i Aure.

Hausten 1957 vart Todal vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, og han vart attvald fire år seinare. Gjennom dei åtte åra på Stortinget var han heile tida medlem i Administrasjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]