Sivuca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sivuca
Sivuca.png
Sivuca i 1972
Fødd26. mai 1930(1930-05-26)
FødestadItabaiana i Paraíba i Brasil
Død14. desember 2006 (76 år)
DødsstadJoão Pessoa i Paraíba
FødenamnSeverino Dias de Oliveira
OpphavBrasil
Aktiv1950-åra til 2000-åra
SjangerLatin, jazz
InstrumentTrekkspel, gitar
Verka somMusikar, komponist

Severino Dias de Oliveira (26. mai 193014. desember 2006), med artistnamnet Sivuca, var ein brasiliansk trekkspelspelar, gitarist og songar. I tillegg til at han spelte i heimstaten Paraíba og i byane Recife og Rio de Janeiro, arbeidde han og budde i Paris, Lisboa og New York City i periodar.

Han arbeidde med skandinaviske jazzmusikarar i 1980-åra. Blant dei mest kjende songane hans er «João e Maria» med tekst av Chico Buarque og «Feira de Mangaio», kalla opp etter handverkarmarknadane nordaust i Brasil. Han brukte stundom provisoriske instrument i tillegg til vanlege, og kombinertre tradisjonelle, regionale stilar som forró og choro med jazz, bossanova og klassisk musikk. Sivuca og Hermeto Pascoal, begge multi-instrumentalistar med albinisme, arbeidde i lag og vert stundom forveksla med kvarandre.

Han flytta til New York City i 1964 og fram til 1976, og arbeidde med Miriam Makeba og Harry Belafonte blant fleire. I 1980-åra spelte han med Ulf WakeniusGuitars Unlimited (1987) og Sylvia Vrethammar (Rio de Janeiro Blue, 1985; Rendezvois in Rio, 1995).

Han døydde av kreft 14. desember 2006.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Motivo Para Dancar No. 2 (Copacabana, 1957)
  • Motivo Para Dancar (Copacabana, 1958)
  • Ve Se Gostas (Odeon, 1959)
  • Putte Wickman Meets Sivuca (Swedisc, 1966)
  • Golden Bossa Nova Guitar (Reprise, 1968)
  • Bossa Nova (Music Hall, 1968)
  • Sivuca (Reprise, 1969)
  • Rendez-Vous a Rio (Barclay, 1969)
  • Joy med Oscar Brown Jr., Jean Paca (RCA Victor, 1970)
  • Live at the Village Gate (Vanguard, 1975)
  • Gravado Ao Vivo (RCA, 1977)
  • Sivuca (Copacabana, 1978)
  • Forro e Frevo (Copacabana, 1980)
  • Cabelo de Milho (Copacabana, 1980)
  • Vou Vida Afora (Copacabana, 1981)
  • Forro e Frevo Vol. 2 (Copacabana, 1982)
  • Forro e Frevo Vol. 3 (Copacabana, 1983)
  • Onca Caetana (Copacabana, 1983)
  • Forro e Frevo Vol. 4 (Copacabana, 1984)
  • Sivuca & Chiquinho Do Acordeon (Barclay, 1984)
  • Chiko's Bar (Sonet, 1985)
  • Som Brasil (Young, 1985)
  • Let's Vamos (Sonet, 1987)
  • Sanfonae e Realejo (3M, 1987)
  • Um Pe No Asfalto, Um Pe Na Buraqueira (Copacabana, 1990)
  • One Good Turn (Music Partner, 1992)
  • Pau Doido (Kuarup, 1992)
  • Enfim Solo (Kuarup, 1997)
  • Cada Um Belisca Um Pouco (Biscoito Fino, 2004)
  • Sivuca Sinfonico (Biscoito Fino, 2004)
  • Terra Esperanca (Kuarup, 2006)
  • Sivuca e Quinteto Uirapuru (Kuarup, 2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ESTADAO.COM.BR, Friday, 15. desember 2006 Arkivert 4. januar 2007 ved Wayback Machine.