Six Days on the Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Six Days on the Road
Singel av Dave Dudley
frå albumet 'Songs About the Working Man'
Utgjeve Mai 1963
Innspelt Mars 1963, Kay Bank Studios, Minneapolis, Minnesota
Sjanger Country
Lengd 2:24
Selskap Golden Wing 3020
Låtskrivar(ar) Earl Green and Carl Montgomery
Dave Dudley-kronologi
«Under the Cover of the Night»
(1962)
Six Days on the Road «Cowboy Boots»
(1963)


«Six Days on the Road» er ein song skriven av Earl Green og Muscle Shoals Sound Studio-låtskrivaren Carl Montgomery, og gjort kjend av countrysongaren Dave Dudley. Han vart først gjeven ut i 1963 og vart ein stor hit det året. Songen er ofte omtalt som den som best skildrar det amerikanske lastebilsjåførlivet.[1][2]

I 1997 vart songen spelt inn av countrybandet Sawyer Brown, som nådde topp 15 på den amerikanske countrylista med songen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

«Six Days on the Road» vart den førte store hitten til Dudley og han nådde andreplassen på Billboard Hot Country Singles-lista sommaren 1963. Plata låg 21 veker inn epå lista, og nådde òg 32. plassen på Billboard Hot 100 og 13. plassen på easy listening-lista.

Dudley spelte sidan inn fleire songar med lastebiltema, somm «Last Day in the Mines», «Truck Drivin' Son-of-a-Gun» og «Truck Driver's Prayer».

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 2
U.S. Billboard Easy Listening 13
U.S. Billboard Hot 100 32

Sawyer Brown-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Six Days on the Road
Singel av Sawyer Brown
frå albumet Six Days on the Road
Utgjeve 1997
Sjanger Country
Lengd 2:53
Selskap Curb
Produsent Mark Miller, Mac McAnally
Sawyer Brown-kronologi
«She's Gettin' There"
(1996)
Six Days on the Road «This Night Won't Last Forever»
(1997)


Sawyer Brown spelte inn songen i 1997 for albumet Six Days on the Road. Versjonen deira nådde 13. plassen på countrylista det året.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[3] 9
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[4] 17
US Country Songs (Billboard)[5] 13

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[6] 87

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange andre versjonar av «Six Days on the Road» er spelte inn, og tre av dei har òg nådd hitlistene. Johnny Rivers nådde 58. plassen på countrylista og 105. plassen på Billboard Hot 100 i 1974. Steve Earle spelte inn songen i 1987 for filmen Planes, Trains and Automobiles og versjonen hans nådde 29. plassen på Billboard Hot Country Singles tidleg i 1988.

Andre som har spelt inn songen er mellom andre Del Reeves, George Jones, Red Simpson, Nev Nicholls, Ferlin Husky, Boxcar Willie, Wolfman Jack, Motorpsycho, Red Sovine, Jim Croce, Taj Mahal, David Allan Coe, George Thorogood, String Cheese Incident the Flying Burrito Brothers, som ein kan sjå spele songen i filmen Gimme Shelter, Gram Parsons and the Fallen Angels, bluesgitaristen Popa Chubby (i 2008 på albumet Vicious Country), New Riders of the Purple Sage og Tom Petty-bandet Mudcrutch.

Claude François spelte inn ein franskspråkleg versjon kalla «Six jours sûr la route».

«Six Tons of Toys»[endre | endre wikiteksten]

Dudley spelte inn ein nyskriven juleversjon av songen kalla «Six Tons of Toys» i 1982 for album Trucker's Christmas.[7] Denne versjonen vart spelt inn av Paul Brandt i 1997 på albumet A Paul Brandt Christmas: Shall I Play for You?.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Dahl, Bill, «Six Days on the Road» at Allmusic
  2. Malone, Bill, «The Smithsonian Collection of Classic Country Music» ((booklet included with The Smithsonian Collection of Classic Country Music 8-volume set). Smithsonian Institution, 1981).
  3. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 9. juni 1997. Retrieved 17. juli 2013.
  4. Mal:BillboardEncode/S&f%5B1%5D=itm_field_chart_id%3A344&f%5B2%5D=ss_bb_type%3Achart_item&type=2&artist=Mal:BillboardEncode/S "Sawyer Brown – Chart history" Billboard Bubbling Under Hot 100 for Sawyer Brown.
  5. "Brown?f=357&g=Singles Sawyer Brown Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Sawyer Brown. Prometheus Global Media.
  6. «RPM Top 100 Country Tracks of 1997». RPM. 15. desember 1997. Henta 17. juli 2013. 
  7. «Trucker's Christmas». Allmusic. Henta 8. desember 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]