Sixten Sason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sixten Sason
Sixten Sason 1959.jpg
Fødd 12. mars 1912
Skövde
Død

1. april 1967
Solna kommun

Yrke ingeniør
«Ur-Saaben», 1946
Saab 99, 1967
SAAB Catherina på Västergötlands museums utstilling om Sixten Sason.
Hasselblad 1600 F, 1948

Sixten Sason, eig. Karl-Erik Sixten Andersson, (fødd 12. mars 1912 i Skövde, død 1. april 1967 i Solna) var ein svensk industridesignar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege liv[endre | endre wikiteksten]

Sixten Sason voks opp utanfor Skövde der faren arbeidde som steinhoggar. Sason vart tidleg interessert i teknikk og som tenåring tok han til å lage teikningar og illustrasjonar til ulike motortidsskrift. 15 år gammal sendte han ei teikning til Husqvarna og etter denne teikninga skal ein bensintank ha blitt produsert.[1] I 1928 fekk han i oppdrag å teikne ein motorsykkel for Husqvarna.

Sasons avtente verneplikta som flymekanikar på 1930-talet. Etter å ha vore med i ei flyulykke låg han i lengre tid på sjukehus i åra 1934-1939. Under sjukehusinnleggingane gav han seg i kast med studiar og illustrerte ulike tidsskrift. I løpet av 1930-talet lagde Sason fleire framtidsversjonar om mellom anna Öresundsbro (1939) og sirkulære parkeringshus (1936). Han illustrerte òg ideane sine om framtidas byar.

Under heile karrieren sin nytta han Pierre Olofsson som fargeekspert, mellom anna i samband med fargeval til Saabs modellar.

Sason sitt arbeid hos Saab[endre | endre wikiteksten]

Sason har ein stor plass i Saab si historie som skaparen av Saab-designen. Han vart tilsett i 1939 i Saab sin flydivisjon. Her lagde her ulike skisser og illustrasjonar til selskapet sine katalogar og produktblad.[2] Når Saab seinare starta bilproduksjon var Sason alt med ved skapinga av «ur-Saaben» - SAAB 92.

Sason skulle som sjefsdesignar hos SAAB vere med i den vidare utviklinga gjennom modellane 93, 95 og til slutt 99 - Sason sitt største verk. SAAB 99 var Saabs første store bil og Sason skapte designen som den dag i dag framleis finst hos Saab sine biler. SAAB 99 vart seinare utvikla til Saab 900. Sason nådde aldri å sjå verket sitt i produksjon da han døydde brått rett før lanseringa i 1967. Björn Envall som var tilsett hos Sason Design alt som 18-åring tok over som Saab sin sjefsdesignar etter Sason. I løpet av si tid hos Saab lagde Sason òg konseptbilen Saab Catherina.

I tillegg til konstruksjonarbeidet hos Saab tok Sason oppdrag som formgivar for andre selskap som Husqvarna, der han designa symaskiner, hushaldningsapparat og motorsyklar. For Electrolux designa han mellom anna kjøleskap, golvbonarar og utanbordsmotorar. Han formgav òg Hasselblad-kamera.

Produkt designa av Sason[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk industridesign: En 1900-talshistoria, Lars Brunnström (red), ISBN 9151843870
  1. Västergötlands museums utstilling om Sixten Sason 2008
  2. Västergötlands museums utstilling om Sixten Sason 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]