Sjøbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjøbruk, eller havbruk, er eit omgrep som femnar om primærnæringane fiske, sanking og oppdrett av fisk og skaldyr.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Fiske er den viktigaste aktiviten innan sjøbruk. Det har vore drive fiske i uminnelege tider både i havet og i elver og innsjøar og fisk har til alle tider vore ei viktig proteinkjelder.

Fiskeoppdrett[endre | endre wikiteksten]

I mange land har det vorte drive fiskeoppdrett i små vatn og oppdemde dammar i lang tid. Fiskeoppdrett i sjøvatn, derimot, er ei etter måten ny næring, som har fått mykje å seia som økonomisk grunnlag i land som Noreg og Skottland. For mange kystnasjonar er fiske ei viktig næringsgrein.

Oppdrett av skaldyr[endre | endre wikiteksten]

I fleire land er oppdrett av skaldyr ein viktig næringsveg. På den franske atlanterhavskysten, til dømes, vert det drive storstillt oppdrett av østers og andre skaldyr.

Hausting av tang og tare[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider vart tang og tare nytta som gjødselgardsbruk som låg ved kysten.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.