Sjøis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over den typiske yttergrensa til sjøisen i Arktis i mars og september.
Tett sjøis i Storfjorden på Svalbard. Edgeøya ligg i bakgrunnen. Dette er første års is, men dei sterke straumane i Freemansundet har skrudd isen saman ganske kraftig.
Foto: Lars H. Smedsrud

Sjøis (eller havis) er frose sjøvatn og dekker store havområde, både nord og sør på jordkloden. Sjøis frys når havet blir avkjølt under frysepunktet, ganske nært -1,8 °C. Viss sjøisen er brekt opp i mange små flak, blir han kalla drivis.

I nord er utbreiinga av sjøis om vinteren sør til Austersjøen og Newfoundland i Atlanterhavet, og sør til Alaskahalvøya og Japan i Stillehavet. Sjøisen i Arktis dekker eit område tilsvarande Europa og skil eit forholdsvis varmt arktisk hav frå ein kald atmosfære. Han har den maksimale utbreiinga si i mars månad og når eit minimum i september. Gjennomsnittleg tjukkleik er 2-3 meter. Isen kan smelte både frå oversiden og undersida ved kontakt med varm luft eller varme havstraumar. Store område med ope hav mellom sjøisen vert kalla polynja.

Sjøisen er i rørsle, driven av vinden på oversida eller havstraumane på undersida. Dette fører til regionale skilnader i isdekket, og store svingingar frå år til år. Det er ei gjennomsnittleg drift av sjøisen frå Beringstredet mellom Alaska og Sibir mot Grønland og Svalbard, dette kallast den transpolare drifta. Dette vart første gongen dokumentert då Fridtjof Nansen navigerte «Fram» over Polhavet i åra 1893–1896.

I Antarktis dekkast havet nord til omtrent 60 °S av sjøis kvar vinter. Sjøisen i Antarktis har ei større endring av arealet gjennom året enn i nord, fordi det ikkje er nokre kontinent som avgrensar utbreiinga nordover. Sjøisen i sør er difor tynnare, og det aller meste smeltar kvar sommar, og frys igjen neste vinter. Dette blir kalla førsteårs sjøis. Overlever sjøisen ein sommar blir kalla han fleirårsis.

Målingar av sjøis[endre | endre wikiteksten]

Sesongvariasjon og langtidsutvikling i utstrekninga av området med arktisk sjøis, målt ved satellittar.[1]
Parameter for å måle storleiken på ein straum av sjøis.
Delvis sjøis inst i Adventfjorden ved Longyearbyen på Svalbard.
Drivis på Isfjorden på Svalbard, seint i april.

Ved hjelp av satellittmålingar har ein gode observasjonar av isutbreiinga frå 1979 og fram til i dag, medan informasjon lenger tilbake i tid er meir usikker. Den europeiske miljøsatellitten Envisat og amerikanske satellittar fotograferer både Arktis og Antarktis og gjer isobservasjonar. Desse vert handsama for nordlege Norskehavet og Svalbard av Meteorologisk institutt, og formidlast mellom anna gjennom Maritim radio. På Svalbard er Svalsat engasjert i å hente ned satellittdata frå 14 sirkumpolare satellittar, mellom anna fleire som gjer ismålingar.

Det er no mogleg å følgje utbreiinga av is dagleg med desse målingane. Variasjonen gjennom året er formidabel; 15 millionar km² på vinteren til 7 millionar km² på sommaren. Den årlege smeltinga og isveksten dekker altså eit område like stort som Australia.

Historisk rekord i Arktis i 2007[endre | endre wikiteksten]

September 2007 nådde isutbreiinga i Arktis det lågaste nivået sitt sidan satellittmålingane starta i 1979[2]. Samanlikna med gjennomsnittet for september i perioden 1979–2000 var isdekket 40% mindre enn det pleier å vere.

Denne rekorden skuldast derimot ikkje berre auka temperatur, men òg uvanleg sterk vind som pressa store delar av isen sørover og på den måten førte til kraftig auke i smeltinga. Det totale skydekket over sommarsesongen var lågare enn tidlegare år[3]og isen var tynnar enn før ved starten av smeltesesongen.[4]

Årsaker til redusert sjøis[endre | endre wikiteksten]

Det er brei semje blant klimaforskarar at det er temperaturauken som er hovudårsaka til at sjøisen i Arktis reduserast. Likevel er det ganske store skilnader mellom klimamodellane, og når dei bereknar at isen er borte på sommaren. Dei fleste bereknar ein vesentleg reduksjon dette hundreåret, og nokre modellar bereknar eit Arktis heilt utan sjøis i september 2100.

Noko av reduksjonen kan skuldast is som har drive ut mellom Svalbard og Grønland og smelta, noko er mindre frysing inne i Polhavet og noko skulda moglegvis at isen er pressa saman til tjukke skrugardar. Eit hovudproblem med utrekningane av smelting frå arealet er at det finst få målingar av istjukkleiken.[5]

Nokre effektar av sjøisen[endre | endre wikiteksten]

  • Sjøisen frys raskast i store opningar i isen som blir kalla polynjaer. Havet under blir då tilsett salt som blir pressa ut under frysinga og dette vatnet blir tungt nok til å søkke ned og danne botnvatnet i verdshava.
  • Sjøis reflekterer omkring 75 % av all solinnstråling, medan ope hav berre reflekterer omkring 15 %.
  • Mindre sjøis gjev auka energioverføring frå havet til atmosfæren. Lufta over isen blir dermed varma opp og det blir danna fleire skyer, som igjen gjer at det blir reflektert meir sollys. Modellresultat viser at i framtida er det om vinteren denne oppvarminga blir mest effektiv, fordi det då ikkje er nokre solinnstråling i Arktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fetterer, F., K. Knowles, W. Meier, and M. Savoie. 2002, oppdatert 2010. Havisindeks. Boulder, Colorado USA: National Snow and Ice Data Center.
  2. Record Arctic Sea Ice Loss in 2007 (engelsk)
  3. Kay, J. E., T. L'Ecuyer, A. Gettelman, G. Stephens, and C. O'Dell (2008), The contribution of cloud and radiation anomalies to the 2007 Arctic sea ice extent minimum, Geophys. Res. Lett., 35, L08503, doi:10.1029/2008GL033451
  4. Arctic Sea Ice Shatters All Previous Record Lows National Snow and Ice Data Center (NSIDC)
  5. Faktaark om Arktis frå Bjerknes senteret