Sjøliljer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjølilje)
Sjøliljer
Systematikk
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Underrekkje: Crinozoa
Klasse: Sjøliljer Crinoidea
Miller, 1821

Sjøliljer er ein klasse av pigghudingar.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Crinoidea

Dei fleste sjøliljer har stort sett eit fastsitjande ungdomsstadium og eit frittlevande vakse stadium. Sjøliljer festar seg permanent til substratet med ein stilk. Den festa enden av stilken har ei flat skive som er festa til substratet. Skiveliknande ossiclar til stilken er stabla oppå kvarandre, og blir haldne saman av samanhengande vev som gjev han ein ledda utsjånad. Stilken har vanlegvis cirri.

Enden av sjølilja som ikkje er festa blir kalla for krona. Enden til krona festar seg til stilken og er støtta av eit sett med ossiclar, kalla calyx. Fem armar festar seg òg til calyx. Desse armane er greina, støtta av ossicler og har igjen mindre greiner, som gjev dei ein fjørliknande utsjånad. På kvar arm er det tubeføter i doble rekkjer. Vegen som leiar til munnen er ein dekt veg langs armane som blir kalla for ambulacralfelt. Denne ligg på utsida av radialkanalane hjå kråkebollar, sjøpølser og sjøliljer. Munnen og anus blir opna ved den orale overflata.

Fjørstjerner er ganske like sjøliljer, berre at dei manglar stilk, og er symjande og krypande dyr. Enden av krona ber ein ring av rotliknande cirri, som held fast når dyret kviler på eit substrat. Fjørstjerner sym ved å løfta og senka armane, og dei kryp over substratet ved å løfta tuppen av armane.

Vedlikehaldsfunksjonar[endre | endre wikiteksten]

Sirkulasjon, gassutveksling og utsondring er lik som hjå andre pigghudingar. For å ta til seg føde bruker dei fjøra utstrekte armar til å fanga bytte. Dei manglar nerveringen som finst i dei fleste andre pigghudingar. I staden har dei ei koppforma nervemasse under calynx, som gjev opphav til radiale nervar som blir forlenga gjennom kvar arm, og kontrollerer tubeføtene og arm-muskulaturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]