Sjømerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjømerke sør i Bretagne utstyrt med solcellepanel og lys. Toppmerke og farge viser at dette er kardinalmerke vest.
Bøye ved munningen av elva Loire i Frankrike. Toppmerke og farge syner at dette er lateralmerke babord.
Foto: Remi Jouan
Keskiniemi båke (Karvo båke), Karlö i Finland, er bygd i 1858.

Eit sjømerke eller eit seglmerke er reint generisk ein gjenstand som er plassert til havs eller på land for å rettleie navigering av fartøy. Seglmerket skal gje informasjon til navigatøren om posisjon innanfor ein maritim kanal eller i ei skipslei, dei skal varsle om farar og administrere område for trygg ferdsel for båtar og sjøfly.

Typar av seglmerke[endre | endre wikiteksten]

Sjømerke kan vere med eller utan ljos og utforma i mange variantar. Dagmerke, altså merke utan ljos, er flytande og faste merke som til dømes stakar, stenger, vardar, trebåkar (tårnliknande konstruksjonar), støypejarnsøylar og måla flekkar på bergflater. Også bygningar som markerar seg frå sjøen, som til dømes kyrkjer, er rekna som sjømerke og teikna inn på sjøkarta. Sjømerke med ljos er mellom anna fyrlykter, lanterner, ljosbøyer, og gjer såleis si nytte både om dagen og natta.

Sjømerke kan grovt reknast til tre typar, enten

  • ei flytande bøye som er forankra i havbotnen,
  • ei stong eller ein stake som står fast på land eller på havbotnen,
  • ein varde, ein båke eller eit anna dagmerke som står på land eller på grunt vatn.

Jernstenger og vardar kan ha peikarar som viser retning mot trygt farvatn. Alle typar sjømerke kan ha farge, form og mønstre som gjev ein ekstra informasjon til navigatøren. Bøyer og stenger kan vere utstyrte med lanterne (lys), byer òg med klokkar, slik at dei kan høyrast når sjøen rører på bøya, dei kan òg ha indirekte belysning eller skoddesignal. Karakteristikken på lyset frå lanterna kan vere med på å identifisere sjømerket. Bøyer og stenger kan vidare vere utstyrt med eit nummer som gjev plasseringa av merket i ein serie og dei kan vere utstyrte med radarreflektor.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Ein finn seglmerke som markerer kanalar, farlege grunner, steinar eller vrak, fortøyingsplassar, fartsregulerte område, separerer trafikken og for andre navigasjonsføremål. Medan dagmerke berre er meint å vere synlege i dagslys, vil andre sjømerke kombinere lys, bjøller, horn, fløyter og radarreflektorar for å bli brukbare om natta og i andre omstende med redusert synsvidd.

Indirekte lyssetjing[endre | endre wikiteksten]

For å hjelpe båtførarar med å navigere i mørkret på særskilde stader, kan det vere montert lamper som til dømes vanleg veglys, lyskastarar og liknande, som lyser opp med kvitt eller gult lys den staden eller konstruksjonen som det elles kan vere vanskeleg å orientere seg i høve til. Meininga er å gjere det lettare å fastsetje avstanden til objektet, og å kunne sjå til dømes eit dagmerke sjølv om det er mørkt. Lyssetjinga kan gjelde til dømes eit skjer, ei bru eller fundamentet til ei bru, eit nes, ein odde, ein molo eller andre naturlege eller konstruerte objekt. Jamvel den konstruksjonen eller huset som ei fyrlykt kan vere montert på, vil kunne vere lyst opp på dette viset. Ofte er innretninga i tillegg gjort meir synleg ved hjelp av kvit måling og/eller refleksmateriale.

Samvirke[endre | endre wikiteksten]

Sjømerke er supplement til andre innretningar som gjev visuelle signal, fyr og fyrlykter, og supplement til elektroniske system og radarfyr. Sjøkarta viser seglmerka med symbol som indikerer farge, form og lyskarakteristikk og dei vert vanlegvis identifisert med namn eller nummer.

IALA maritime bøyesystem definerer to system av merke ved å spesifisere form, farge og lyskarakteristikk avhengig av føremålet dei tener. Europa og store delar av verda elles nyttar systemet for «IALA region A». I Noreg finst andre, ofte eldre sjømerke i tillegg til den merkinga som følgjer den internasjonale standarden.

Merkinga på norskekysten[endre | endre wikiteksten]

Standarden for dei norske flytande sjømerka, bøyer og stakar, følgjer IALA’s maritime bøyesystem, der Noreg ligg i region A av dei to regionane verda er delt inn i etter dette systemet. Men då toppmerka på bøyer og stakar lett vert øydelagt eller rive vekk av sjø og vind langs den verharde norskekysten, er dei fleste bøyene og stakane sett ut utan dei toppmerka dei skal ha ifølgje det internasjonale systemet, der sjømerka ikkje berre har ulike formar og fargar, men òg ulike toppmerke. Men når det gjeld utsjånaden på dei botnfaste sjømerka langs norskekysten, er meir særnorske enn internasjonale standardar som gjeld, særleg for enkle jarnstenger med viser og toppmerke, vardar og båkar. Dessutan er det i stor mon nytta sektorlys frå fyr og fyrlykter (og nokre få lanterner) til å merke med.

Lateralmerke etter IALA’s maritime bøyesystem[endre | endre wikiteksten]

Lateralmerke er merke som syner kvar sidene på skipsleia, kanalen eller hamneinnløpet går. Merka er grøne på styrbord (høgre) side av leia i den retninga som er definert som leia si hovudretning (sjå sjøkartet), og raude på babord (venstre) side. Dersom ein seglar i motsett retning av hovudretninga, frå ein altså grøne merke til babord og raude til styrbord.

Kardinalmerking[endre | endre wikiteksten]

Kardinalmerke er merke som skal passerast i samsvar med kompassretninga, altså passerast nord for, sør for, aust for eller vest for merket, slik merket syner ved den forma og fargesamansettinga det har.

Andre merke[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]