Sjøstøvlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjøstøvlar av lêr var vanleg før støvlar kom i bruk mellom bøndene. Fiskarane tok dei i bruk på 1700-talet. Midt på 1800-talet fann ein fire støveltypar med ulik lengd.

  • Langstøvlar nådde opp i skrevet. Dei gjekk under skinnbroka, og hadde stropper av lêr i overkant. Dei vart tredde på beltet. I tillegg hadde dei hemper, innvendig, i knehøgde. Støvlane kunne då haldast oppe med eit band når dei var nedbrett. Langstøvlar var svært viktige når det var langgrynt der fiskaren skulle kome i land. Då måtte han vade i djupt vatn når han skulle hente fisken, og når båten skulle ut og inn.
  • Slagstøvlar var kortare enn langsøvlane. Dei rakk om lag til midt på låret. Når fiskaren var på land vart slagstøvlane bretta ned i eit stort slag. For å halde dei heller mjuke støvlane opp når dei var nedbretta, vart det vikla eit strømpeband kring beinet.
  • Røysertar rakk så vidt opp for kneet. Bak var dei noko lågare. I bakkant var det ei hempe som ein tok tak i når støvelen skulle dragast på. Ho kom og til nytte når støvlane skulle hengast til tørk. Namnet røysert fekk støvelen fordi han stod sjølv, stod opprøyst.
  • Smårøysertar nådde berre til midt på leggen.

Stundom hadde sjøstøvlane trebotn. Dei var varmare enn støvlar med lêrsole og vart gjerne brukte på ishavet. Dei egna seg best ombord i fartøy. Støvellêret vart spikra til solen med jarnspikar.

Det var vanleg at fiskaren laga sjøstøvlane sine sjølve. Dei vart sydde med skogarn av heimespunnen hampetråd. Den nyspunne tråden vart beka og trekt med bivoks. Når skogarnet skulle trekkast gjennom sylhola i støvellêret, vart det festa grisebust i enden. Frå kring 1850 vart støvelsolen plugga til overlêret med trepinn. Før den tid vart det sydd med beksaum. Det vart bruk tre solar: bindsole, mellomsole og yttersole.

Dei ferdige støvlane måtte godt smørjast med smurning kokt av tran, smelta talg og tjøre. Stundom vart det slege varm tjøre i støvlane. Etterpå kunne ei tjukk ullstrømpe plasserast innvendig. Ho festa seg i tjøra. Dette gjorde støvlane ekstra varme. Det vart og brukt sennegras og halm i sjøstøvlane for å gjere dei varme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]