Hopp til innhald

Sjakhty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjakhty
Шахты
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Rostov oblast
Høgd 100 m
Areal 158,2 km²
Folketal 219 111 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1867
   Bystatus 1883
Postnummer 346500–346538
Retningsnummer (+7) 8636
Kart
Sjakhty
47°42′00″N 40°14′00″E / 47.7°N 40.233333333333°E / 47.7; 40.233333333333
Wikimedia Commons: Shakhty

Sjakhty (russisk Ша́хты) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg i den søraustlege delen av Donetskhøgdene, rundt 65 km nordaust for Rostov-na-Donu. Byen har om lag 220 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagd 3. oktober 1867 som busetnaden Gornoje Grusjevskoje (russisk Горное Грушевское). Frå 1881 til 1921 heitte byen Aleksandrovsk-Grusjevskij (russisk Александровск-Грушевский).

I 1914 hadde byen fått 54 000 innbyggjarar. Hovudnæringa var utvinning av kol, som hadde vore drive i regionen sidan 1700-talet. Folkesetnaden var fattig, men byen hadde jernbane, telegraf og telefonnettverk, elektrisitet og vatn- og avløpssystem, i tillegg til bibliotek, sjukehus og eit postkontor. Dei fleste handelsmennene og industriherrane budde i Rostov og Novotsjerkassk.[1]

Under oktoberrevolusjonen i 1917 skifta byen hender tre gonger, til han vart «frigjort» 28. april 1919 av Don-armeen under General Fitzkhelaurov. I 20 månader var han sjølvstendig frå bolsjevikane, men vart herja av tyfus.

Den 13. januar 1921 fekk byen det noverande namnet sitt. Namnet «Sjakhty» (dvs. 'gruvesjakt') vart valt på grunn av tilknytinga til kolgruvene. På 1920-talet vart mange kyrkjer og arkiv øydelagde og alle gatenamna vart endra.

Utsyn mot Sjakhty.

I juli 1942, under den andre verdskrigen, vart byen okkupert av Nazi-Tyskland. Under tilbaketrekkinga til nazistane i februar 1943 vart mange kolgruver og bygningar øydelagde. I 1948 nådde kolproduksjonen dei same nivåa som før krigen. Under Brezjnev-åra var byen på høgda av utviklinga si, med ein folkesetnad på over 250 000 og ein kolproduksjon på 10 millionar tonn pr år.[2]

Perestrojka var øydeleggande for byen, sidan gruver vart privatiserte og stengde ned, med massiv arbeidsløyse og ein kraftig auke i kriminalitet og rusmisbruk.

Sjakhty er i dag det viktigaste industrielle senteret i det austlege Donbass.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sjakhty