Sjakkbrikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjakk-
brikker
Chess king icon.png Konge
Chess queen icon.png Dronning
Chess rook icon.png Tårn
Chess bishop icon.png Løpar
Chess knight icon.png Springar
Chess pawn icon.png Bonde
Sjakkbrikker: Kongen, dronninga ,ein løpar, eit tårn, ein springar og ein bonde i stilisert form
Brikker på trebrett.
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Utgangsstilling. Legg merke til at kvit dronning står på kvitt felt, og svart dronning på svart.

Sjakkbrikker blir brukte i spelet sjakk, som blir spela på eit brett med 8 gonger 8 ruter. Kvar spelar har 16 brikker til rådvelde. Brikkene har to ulike fargar, vanlegvis nemnde som kvite og svarte, uavhengig av kva farge som er på brikkene. Brikkene har tradisjonelle namn etter rangposisjonar i mellomalderen.

Kvar spelar har følgjande brikker når spelet startar:

Ein konge
Ei dronning
To tårn
To springarar
To løparar og
Åtte bønder

Offiserar[endre | endre wikiteksten]

Alle brikkene utanom bøndene er offiserar.

  • Tårn og dronning blir kalla tunge offiserar
  • Løpar og springar blir kalla lette offiserar

Korleis brikkene går[endre | endre wikiteksten]

Kvar brikke har sin eigen måte å bevege seg på brettet. Gjennom utviklinga av sjakkspelet gjennom historia, har måten dei ulike brikkene har bevega seg på, endra seg ein del. Tårnet og springaren har likevel bevega seg på same vis dei siste 1000 åra, så nokre gamle arabiske sjakkoppgåver vil framleis vere forståelege for notidas spelarar.

Sjå sjakk og artikkel for kvar enkelt brikke for korleis dei bevegar seg.

Namn på brikkene og utforming[endre | endre wikiteksten]

Namna på brikkene og utforminga av brikkene varierer etter språk og kultur. Utsjånaden kan vere stilisert etter internasjonal standard, utforma på kunstnarleg vis, eller laga som miniatyrstatuer av personane. Brikker har også blitt laga i alle moglege materialar. Ein del brikkesett har høg kunstnerisk verdi, og fine brikkesett kan vere samleobjekt.

Eit eksempel på historiske sjakkbrikker er Lewisbrikkene.