Joachim Thomassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joachim Thomassen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. desember 1990 (33 år)
Mo i Rana
Yrke sjakkspelar

Joachim Thomassen (fødd 27. desember 1990) er ein norsk sjakkspelar frå Mo i Rana som no spelar for Stavanger sjakklubb. Han har vore elev på sjakklina ved Norges Toppidrettsgymnas i Bærum der han har hatt Simen Agdestein som lærar.

Noregsmeisterskapen i sjakk 2010[endre | endre wikiteksten]

I Noregsmeisterskapen i sjakk som blei arrangert i Fredrikstad i juli 2010, imponerte han og leia Eliteklassa med 6 av 8 moglege poeng då det stod att eit parti. Han tapte dette siste partiet, og kom dermed på delt førsteplass saman med Kjetil A. Lie, Espen Lie og Frode Olav Olsen Urkedal.[1] I stikkamp mellom desse fire for å kåre vinnaren 14-17. oktober 2010 vart han nr. 2, eit halvt poeng etter vinnaren Kjetil A. Lie.[2]

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Joachim Thomassen gjorde sterke resultat i tre internasjonale turneringar, noko som gav han dei nødvendige tre innteikningane i tittelen Internasjonal Meister i sjakk: I Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2007, i Gibtelecom Chess Festival i Gibraltar i januar 2008, og i San Sebastian Open i Spania, i mars-april 2010.

Men han har mangla nokre ratingpoeng på å nå kravet om eigen FIDE-rating på 2400. Han fekk si fjerde innteikning med resultatet i NM i Fredrikstad i juli 2010, og vann også ein del ratingpoeng, men mangla nokre framleis. Han klarte deretter også ei femte innteikning i IM-tittelen i august 2010, i Arctic Chess Challenge i Tromsø, og med denne prestasjonen passerte han også 2400 i eigen rating. Han blei dermed utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i månadsskiftet september/oktober 2010.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]