Sjallstykke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjallstykke til treblåsarar: obo (til venstre), oboe d'amore, engelsk horn

Sjallstykke (frå tysk Schallstück, òg klokkestykke) er «tuten» til blåseinstrumenta.

Treblåsarar[endre | endre wikiteksten]

Hos treblåsarane er sjallstykket oftast sylindrisk (moderne tverrfløyte) eller konisk (obo, klarinett), men kan òg vere pæreforma (oboe d’amore). Sjallstykket er av stor betydning for klangfargen til instrumenta: oboen med eit konisk sjallstykke har ein open og lys klang, mens oboe d’amore med pæreforma sjallstykke og innsnevra opning lét meir tildekt og nasalt. Eit svært vidt, konisk sjallstykke har for nokre instrument først og fremst ein funksjon for klangutforminga (skalmeie, zurna), for andre har det primært ein dekorativ funksjon (borduntrakten hos enkelte sekkepiper).

Messingblåsarar[endre | endre wikiteksten]

Sjallstykke på ein trompet

Hos messingblåsarane er sjallstykket (lydtrakta) den sterkt traktforma, utvida enden/tuten av instrumentet. Opningsvinkelen har mykje å seie for instrumentet sine overtonar og dermed klangfarge.

  • Jo større opningsvinkel, desto meir «briljant» klang (trompet)
  • Jo mindre opningsvinkel, desto «rundare» tone (flygelhorn)