Sjamanisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjamanisme er ein verdsomspennande åndeleg praksis. Vi kan spore han minst 40 000 år tilbake, og sjamanisme har vore praktisert frå Grønland til Sør-Afrika, frå Amerika til Australia.

I følgje M. Eliade kan følgjande setning brukast til å definere sjamanen, og dermed sjamanismens kjerne: «Ein sjaman er eit menneske som saman med sin ånde-hjelpar, fer på ei sjelereise til den andre verda (åndeverda), for å bringe hjelp og/eller kraft med tilbake til denne verda, til beste for alle/samfunnet.»

Sjelereisa er altså kjernen. Denne kjernen har sidan vorte kledd i forskjellige kulturar sine skikkar, songar, mytologi osv. Her heime er det seiden og volvene som representerer vår lokale form for sjamanisme.

Somme meiner at fråværet av einsarta reglar og mytologiar gjer at sjamanisme ikkje er ein eigentleg religion.

Andre synsvinklar[endre | endre wikiteksten]

Ettersom sjamanisme er ein verdsomspennande praksis, er det avleidd mange synspunkt på kva sjamanisme er. Her er to av dei:

  • Trolldomsreligion
  • Religion med sjamanen som prest

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Dansk wikipedia, art. Shamanisme.