Snekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjekte)
Tresnekke med kalesje.

Snekke eller sjekte er ein fem til ni m lang fritidsbåt, tradisjonelt klinkbygd i tre, i dag oftast bygd i glasfiberarmert plast.

Ei tradisjonell snekke hadde spiss gatt med ror festa utanpå akterstamnen,[1] mens nyare snekker kan vere bygd med spiss eller rund hekk med rorstammen inne i hekken.[2] Ei snekke kan vere open, men vil oftast vere bygd med dekk framme, akter og på sidene av kabinen. Kabinen kan ha eit presenningstak, tretak eller glasfibertak. Styreposisjonen er på den bakre halvdelen av båten, verna av vindskjerm. Over styreposisjonen har snekka ofte ei kalesje. Moderne snekker kan ha sjølvlensande dekk.

Snekkene er gjerne utstyrt med bensin- eller dieselmotor på 5-35 Hk og gjer 6-8 knops fart. Moderne halvplanande snekker kan gjere meir enn 10 knops fart. Det er også bygd seglsnekker, som oslosnekke og færdersnekke.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet snekke eller snekkje har opphav i norrønt snekkja, som var eit slags langskip. Opphavet til ordet sjekte er uvisst.[3]

I norske dialektar kan ordet «snekkje» også bli brukt om andre båttyper. På Helgeland har små prammar vorte kalla snekkje.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «snekke». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  2. «krysserhekk». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  3. «sjekte» i Nynorskordboka.