Sjeldne jordartar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjeldne jordartar, ofte forkorta REE av det engelske Rare Earth Elements, er eit samleomgrep for inntil 17 ulike grunnstoff og vert nokre gonger òg nytta om minerala dei dannar.[1][2] Særleg omfattast grunnstoffa 21 scandium, 39 yttrium og lantanoidane: 57 lantan til 71 lutetium. Sjeldne jordartar er svært kompatible med bergartsdannande mineral, og iona deira er derfor nokre av dei siste som krystalliserer i residualsmelten. Då dei samstundes er radioaktive, vil denne fraksjoneringa skape lokal oppvarming. Stoffa vert nytta i produksjonen av bilar og fleire forbruksvarer.

Folkerepublikken Kina stod i 2011 for inntil 97 prosent av verdsproduksjonen av fleire av dei sjeldne jordartane, men det er samstundes store reservar av slike råstoff i Noreg. I 2010 innførte den kinesiske regjeringa eksportrestriksjonar og utførselen av sjeldne jordartar fall med 40 prosent. Dette medførte ein tidobling av prisane på verdsmarknaden frå 2009 til 2010, og er truleg motivert i kinesisk ønske om å tiltrekke seg industriproduksjon som er avhengig av desse råvarene.[2] Året etter avga WTO ein foreløpig dom om at det kinesiske eksportrestriksjonen braut med pliktene til landet som WTO-medlem, etter klagemål frå USA, EU og Mexico. I 2012 gjekk òg Japan med i ei formell stemning av Kina for WTO, som midt i mars fekk ein seksti dagars frist til å imøtegå skuldingane.

månen inngår dei sjeldne jordarane i KREEP, som er eit akronym for bestanddelane K, REE og P.

Liste over sjeldne jordarar[endre | endre wikiteksten]

Atomnummer Namn Etymologi
21
Scandium latin Scandia; Skandinavia
39
Yttrium etter Ytterby gruve i Sverige
57
Lantan gresk lanthanon; «eg er gøymd»
58
Cerium etter den romerske fruktbarhetsgudinna Ceres
59
Praseodymium gresk praso; «porregrøn» tvilling
60
Neodymium gresk neo; «ny» tvilling
61
Promethium etter Prometheus som gav menneska elda i gåve
62
Samarium Vasilij Samarskij-Bykhovets oppdaga den sjeldne jordartsmalmen samarskit.
63
Europium Demarcay isolerte grunnstoffet og oppkalla det etter Europa
64
Gadolinium etter Johan Gadolin (1760-1852) fordi han undersøkte sjeldne jordartar
65
Terbium etter Ytterby gruve i Sverige
66
Dysprosium gresk dysprositos; «vanskeleg å få tak i»
67
Holmium latinsk Holmia; Stockholm.
68
Erbium etter Ytterby gruve i Sverige
69
Thulium etter det mytiske landet Thule.
70
Ytterbium etter Ytterby gruve i Sverige
71
Lutetium latinsk Lutetia, det romerske namnet på Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Redigert av N.G. Connelly og T. Damhus (med R.M. Hartshorn og A.T. Hutton), red. (2005). Nomenclature of Inorganic Chemistry: IUPAC Recommendations 2005 (PDF). Cambridge: RSC Publ. ISBN 0-85404-438-8. Arkivert frå originalen (PDF) 2008-05-27. Henta 8. august 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Norge kan tjene på konflikt» – Aftenposten 15. mars 2012, side 6.