Sjerbett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tamarind- og plommesjerbett.

Sjerbett er ein søt drikk laga av ulike plantemateriale som er utbreidd i Vest-, Sør- og Søraust-Asia. Utgangspunktet er ein konsentrert sirup laga av blomar, fruktar, grønsaker eller andre plantedelar.[1] Han blir vanlegvis servert kald. Vanlege ingrediensar er basilikumfrø, rosevatn, kronblad frå roser, sandeltre, bael, hibiskus, sitron, appelsin, ananas, mango, falsa (Grewia asiatica) og chiafrø.

Sjerbett er utbreidd i den arabiske verda og blant afghanarar, bosniarar, indonesiarar, iranarar, tyrkarar og sørasiatar. Han blir ofte drukken av muslimar når dei endar dagsfasten under ramadan.[2] Ordet «sjerbett» kjem frå engelsk sherbet eller tysk Scherbett, og er avleidd frå tyrkisk şerbet 'søt, fersk fruktdrikk', opphavleg frå arabisk 'drikk, vin, sirup, sorbé'. Drikken er også kjend som sharbat, shorbot, serbat og liknande. Sirup og sorbé har liknande avleiingar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tyrkiske sjerbettar.
To typar iransk sjerbett (midten og høgre) og iransk te (venstre)

Drikken skal ha oppstått i Persia.[4][5][6] I Vest-Asia under den muslimske gullalderen drakk ein ei rekkje fruktbaserte drikkar som sjerbett, med ingrediensar som mandel, sitron, eple, granateple, tamarind, jujube, sumak, musk, mynte og is og søta med sukker, sukkerrøyrsaft, sirup eller honnng. Denne typen drikkar spreidde seg etterkvart vestover til Europa, der ordet «sirup» blei avleidd frå arabisk.[7]

Ibn Sina lista opp fleire sirupar eller sjerbettar i verket sitt Medisinkanonen frå 1000-talet.[8] Den persiske boka Zakhireye Khwarazmshahi av Gorgani frå 1100-talet omtaler ulike sjerbettypar, som ghoore, anar, sekanjebin og liknande.

Drikken blei introdusert til India under Mogulriket på 1500-talet.[9] Stormogul Babur fekk tilsend is frå Himalaya for å laga ein kjølig, forfriskande drikk drikk.[10]

Künefe-dessert laga av kadayif trekt i şerbet og servert med maraş-is.

Sjerbett var mykje utbreidd i Det osmanske riket, der muslimane ikkje pleide drikka alkohol. Det fanst tre typar sjerbett: Sirupar kalla şurup, pastaer kalla çevirme og tablettar. Osmanske konfektmakarar laga konsentrerte essensar av friske ingrediensar som ein så kunne blanda ut til drikke. Tablettar blei berre laga av profesjonelle konfektmakarar. Dei blei laga ved at ein hadde fruktsaft og essensielle oljer, til dømes frå rosenblad eller kanel, oppi kokande sukkervatn som ein rørte mot sidene av gryta til det byrja å bli krystallisert. Ein kunne tilsetja krydder, urter og molne nøtter til blandinga, som ein så helte ut på ei stor marmorhelle og let størkna.[11]

Den første vestlege omtalen av sjerbett er ei italiensk tilvising til noko tyrkarane drikk. På 1600-talet blei det importert sherbet powders til England, laga av tørka frukt og blomar blanda med sukkker. I 1662 reklamerte eit kaffihus i London med «sherbets made in Turkie of Lemons, Roses and Violets perfumed».[12] I moderne tid er sherbet-pulver framleis populært som godteri. Ei frosen utgåve av sjerbett utvikla i Europa blei kjend som sorbé (fransk sorbet, italiensk sorbetto). I amerikansk engelsk blir denne isen gjerne kalla sherbet når han inneheld meieriprodukt.[13]

Moderne sjerbettar kan vera sprudlande med tilsetjing av natron og vinsyre[13] eller kolsyrevatn. Sherbet powder er i Storbritannia, Australia og New Zealand namnet på bruspulver.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

I Iran finst mange ulike sjerbettvariantar. Sharbat-e golab eller rosevatnsjerbett dannar grunnlag for dei fleste sjerbettar i Iran.[14] Andre typar er sharbat-e-albaloo, kirsebærsjerbett, sharbat-e-rivas, rabarbrasjerbett, safransjerbett og nokre sjerbettar laga med frø som sharbat-e khakshi av hundesennep (Descurainia sophia) og tokhm-e sharbati av basilikum.[15]

I Tyrkia er vanlege sjerbettsmakar tamarind, granateple, svart morbær, drue, lakris, kirsebær, rose og honninig.[16] Ein variant bruker wisteriablomar der ein har kronblada i vatn i ein dag og så siler dei gjennom klede. Den duftande væska ein får blir blanda med sukker og får kvila over natta.[17]

Ein sørindisk versjon av drikken som er populær i Kerala og Tamil Nadu under nanmnet nannaari sarbbath blir laga med indisk eller falsk sarsaparilla (Hemidesmus indicus) og sitron løyst opp i mjølk eller kolsyrevatn.

Ein indonesisk variant som særleg er utbreidd på Java blir kalla serbat, og er særleg utbreidd under ramadan. Den vanlegaste utgåva blir laga av kaldt vatn, sukkerlake og strimla kanteluppmelon, og blir kalla serbat blewah, 'kanteluppsjerbett'.

Sjerbett med tamarind er ein utbreidd type som ofte blir laga under ramadan. I Tyrkia blir denne drikken kalla demirhindi şerbeti, og kan vera smaksett med nellik, kardemomme, rå ingefær, kanelstang, honning, salvie og tørka lindeblomar.[18][19] I urdutalande område blir tamarind ofte kombinert med tørka plommer.[20]

Mandelsjerbett er truleg av persisk opphav[21] og kan krydrast med kardemomme og kewra.[22] Ein annan versjon av mandelsjerbett blir laga med mjølk, med safran og melonfrø som moglege tilsetjingar.[23][24]

Sjerbett laga med fruktslaget bael kan smaksetjast med salt, pepar og mynte eller berre sukker og sitronsaft.[25] Han er kjend som bael ka sharbat, og er ein populær leskedrikk i India.

Ein annan type indisk sjerbett er laga av oppmole sandeltre (chandan) og mjølk med sukker.[26] Endå ein sørasiatisk sjerbettype blir laga med Phalsa-bær.[27] Ein kan også bruka sure ingrediensar til drikken, som sitrusfrukter, tamarind eller aamla-bær.

Nimbu ka sharbat er ein sjerbett laga med sitronsaft eller sitronsirup og kan vera ein variant av nimbu pani. Han kan smaksetjast med ingefær, mynte, safran, kewra og i nokre høve pepar.[28][9]

Vetiversjerbett (khus ka sharbat) har rota til vetivergras som basis. Sjerbetten kan brukast som smakstilsetjing til milkshake, lassi og andre blanda drikkar og iskrem. Sirupe kan også brukast oppå ulike dessertar.[29][30]

Ein svært utbreidd sjerbettsmak er rosevatn.[31] Ein tyrkisk metode for å laga til denne går ut på å elta friske rosenblad saman med litt sitronsyre eller sukker for å ta vare på lukta deira. Denne blandinga blir kalla gül mayası og kan også brukast oppå ein dessert som mjølkepuddingen muhallebi eller ulike typar bakverk.[32]

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Sjerbettseljar i Levanten. Illustrasjon frå 1838.
Tradisjonell tyrkisk sjerbettseljar i Istanbul.

Det er gamal skikk og bruk i Anatolia å tilby ein raud sjerbett, lohusa şerbeti, til ei barselkvinne og til vener og slektningar i samband med ein fødsel.[33]

Den osmanske diktaren Süleyman Çelebi skildra på 1400-talet korleis mora til Mohammed blei gjeven sjerbett medan ho fødde han:

Eg brann av ein frykteleg tørste,
og dei gav meg eit glas fullt av sjerbett.
Det var kaldt og kvitare enn snø
Sukker kunne ikkje måla seg med det på smak.[a]

Ein enkel sjerbett av sitron, sitronsyre og vatn, utan ekstra krydder, er kjend som nişan şerbeti eller 'trulovings-sjerbett' og blir tradisjonelt servert ved trulovingsseremoniar.[34]

Sjerbett blir servert i gatekioskar, kafear og heimar i Iran.[15] I Tyrkia finst det òg ein tradisjon der gateseljarar ber med seg drikken i samovarar på ryggen og heller han i glas til kjøparar.[35]

I 1813 skreiv den engelske diktaren lord Byron: «Give me a sun, I care not how hot, and sherbet, I care not how cool, and my heaven is as easily made as your Persian's».[36]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordrett omsetjing frå engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Molavi, Afshin (2002). Persian Pilgrimages. W. W. Norton & Company. s. 113. ISBN 0-393-05119-6. 
  2. «The World's First Soft Drink». Muslim Heritage. Arkivert frå originalen 24. desember 2016. 
  3. «sjerbett» i Det Norske Akademis ordbok
  4. Cousineau, Phil (11. september 2012). The Painted Word: A Treasure Chest of Remarkable Words and Their Origins (på engelsk). Simon and Schuster. ISBN 9781936740253. «The ancient Persians created a delicious and cooling concoction called sharbat» 
  5. Thakrar, Shamil; Thakrar, Kavi; Nasir, Naved (5. september 2019). Dishoom: From Bombay with Love (på engelsk). Bloomsbury Publishing. ISBN 9781408890660. «Sharbat is a soft drink with Persian origins» 
  6. Davidson, Alan (1. januar 1981). National & Regional Styles of Cookery: Proceedings : Oxford Symposium 1981 (på engelsk). Oxford Symposium. s. 80. ISBN 9780907325079. 
  7. Meri, Josef W. (2005). Medieval Islamic Civilization: An Encyclopedia. Routledge. s. 106. ISBN 1135455961. 
  8. «100 farklı Osmanlı şerbeti bir kitapta toplandı». trt haber. Arkivert frå originalen 7. desember 2017. Henta 19. juli 2018. 
  9. 9,0 9,1 Sukhadwala, Sejal (12. november 2012). «Diwali drinks: sharbat to champagne». The Guardian. ISSN 0261-3077. Arkivert frå originalen 22. juli 2016. Henta 19. juli 2018. 
  10. «Keeping cool». The Hindu. Arkivert frå originalen 26. november 2016. Henta 3. januar 2016. 
  11. Isin, Mary (8. januar 2013). Sherbet and Spice: The Complete Story of Turkish Sweets and Desserts. I.B.Tauris. ISBN 978-1-84885-898-5. 
  12. Jurafsky, Dan (15. september 2014). The Language of Food: A Linguist Reads the Menu. W. W. Norton & Company. ISBN 978-0-393-24587-5. 
  13. 13,0 13,1 Bender, David A. (2014). «sherbet» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-175239-1. doi:10.1093/acref/9780191752391.001.0001/acref-9780191752391-e-4948. 
  14. Vatandoust, Soraya (13. mars 2015), Authentic Iran: Modern Presentation of Ancient Recipes (på engelsk), Xlibris Corporation, ISBN 978-1-4990-4061-6, henta 11. mai 2020 
  15. 15,0 15,1 «Traditional Iranian drinks and beverages», Snapptrip Iran traveling blog (på engelsk), 23. mai 2017, henta 11. mai 2020 
  16. Özdoğan, Yahya, and Nermin Işık. "Geleneksel Türk Mutfağında Şerbet." (2008).
  17. Refika'nın Mutfağı. Refika'dan Kolay Mor Salkımlı Şerbet Tarifi. Arkivert frå originalen 20. juli 2018. Henta 19. juli 2018. 
  18. «Demirhindi Şerbeti». Arda'nın Mutfağı. Arkivert frå originalen 4. januar 2018. Henta 19. juli 2018. 
  19. «Demirhindi şerbeti tarifi». Milliyet Haber. Arkivert frå originalen 25. januar 2017. Henta 19. juli 2018. 
  20. «Health benefits of Imli and Aaloo Bukhara drink». Samaa TV. Henta 19. juli 2018. 
  21. Davidson, Alan (1. januar 1981). National & Regional Styles of Cookery: Proceedings : Oxford Symposium 1981 (på engelsk). Oxford Symposium. s. 80. ISBN 9780907325079. 
  22. «Badaam ka Sharbat Recipe by Niru Gupta». NDTV Food. Arkivert frå originalen 7. mars 2018. Henta 19. juli 2018. 
  23. «Make this cooling almond sharbat this summer». The Indian Express. 3. juni 2016. Arkivert frå originalen 21. august 2017. Henta 19. juli 2018. 
  24. «Recipe: Badam ka sharbat (almond-saffron milk) - The Boston Globe». BostonGlobe.com. Arkivert frå originalen 8. juli 2017. Henta 19. juli 2018. 
  25. «Here Is How You Can Make Bael Sherbet At Home». NDTV Food. Arkivert frå originalen 14. mai 2018. Henta 19. juli 2018. 
  26. «Chandan ka Sharbat Recipe by Niru Gupta». NDTV Food. Arkivert frå originalen 20. juli 2018. Henta 19. juli 2018. 
  27. «Phalse Ka Sharbat Recipe». NDTV Food. Arkivert frå originalen 25. juni 2018. Henta 19. juli 2018. 
  28. https://hebbarskitchen.com/nimbu-paani-recipe-limbu-nimbu-sharbat/
  29. «Khus ka Sharbat Recipe by Niru Gupta». NDTV Food. Arkivert frå originalen 19. november 2017. Henta 19. juli 2018. 
  30. Lim, T. K. (8. februar 2016). Edible Medicinal and Non-Medicinal Plants: Volume 11 Modified Stems, Roots, Bulbs. Springer. ISBN 978-3-319-26062-4. 
  31. «Sharbat». NDTV Food. Arkivert frå originalen 1. november 2017. Henta 19. juli 2018. 
  32. «Gül Şerbetli Su Muhallebisi | Kolay Tatlılar». www.showtv.com.tr. Arkivert frå originalen 19. juli 2018. Henta 19. juli 2018. 
  33. McWilliams, Mark (1. juli 2012). Celebration: Proceedings of the Oxford Symposium on Food and Cookery 2011. Oxford Symposium. ISBN 978-1-903018-89-7. 
  34. Üçer, Müjgân; Akkaya, H. Suna Eretkin (2008). Arapgir. Esform Ofset. ISBN 978-975-95385-4-5. 
  35. «Sherbet and Maras Ice Cream», Istanbul Street Food (på engelsk), henta 11. mai 2020 
  36. Kanan, Onur (24. juni 2014), «Turkish sherbet: Sugar, spice and all things nice», Daily Sabah (på engelsk), henta 11. mai 2020