Sjerna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjerna
elv
Sherna Filippovskoe.jpg
Sjerna ved Filippovskoje
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 1 860 km²
Lengd 89 km
Kjelde Seraja og Moloktsja renn saman.
Munning Kljazma
Wikimedia Commons: Sherna River

Sjerna (russisk Шерна) er ei elv i Vladimir og Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Kljazma frå venstre.

Elva er 89 km lang og har ei breidde som varierer mellom 20 og 40 meter. Djupna er stort sett omkring 2 meter, men opp til 5 meter somme stader. Nedslagsfeltet hennar er 1860 km².

Dei største sideelvane til Sjerna er Moloktsja og Seraja, Njunga, Kosjinka, Meljozja, Sjerenka, Kilenka og Lubenka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]