Sjernarøy kyrkje
Utsjånad
| Sjernarøy kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Bispedøme | Stavanger | ||
|---|---|---|---|
| Prosti | Tungenes | ||
| Sokn | Sjernarøy | ||
| Stad | Kyrkjøy | ||
| Periode | Renessanse | ||
| Teknikk | Lafting | ||
| Material | Tre | ||
| Sitjeplassar | 160 | ||
![]() Sjernarøy kyrkje 59°15′15″N 5°48′53″E / 59.25405694°N 5.814815°E | |||
| Wikimedia Commons: Sjernarøy kirke | |||
Sjernarøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1636 i Stavanger kommune i Rogaland. Kyrkja ligg på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Ho er ei freda kyrkje og har 160 plassar.

Byggverket er lafta i tømmer og er bygd i renessansestil. Ho har vindauge berre på sørsida, og taket er tekt med teglstein. Utanpå er kyrkja raudmalt, men opphavleg var ho tjørebreidd. Veggane og taket inne i kyrkja er pryda med rosemåling. Desse blei kvitkalka på 1800-talet, men er no restaurerte. På 1950-talet la ein også inn elektrisk lys og varme og isolerte bygget.
Ved kyrkja er det reist eit minnesmerke over forfattaren Alfred Hauge, som var frå Kyrkjøy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sjernarøy kyrkje på Kyrkjesøk
- Sjernarøy kirke på Disnorge.no
- Sjernarøy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Finnøy kyrkjelege fellesråd
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Sjernarøy kyrkje». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 425. ISBN 82-75-27022-7.
