Sjevá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordet sjevá på hebraisk. Den første vokalen (merkt med raudt) er ein sjevá i seg sjølv.

Ein sjevá, òg skrive som sheva eller schwa, er ein term frå hebraisk fonologi som tyder ‘trykklett og nøytral vokal’ eller ‘mumlevokal’. I det hebraiske alfabetet blir sjevá skriven med eit kolon-liknande teikn under den føregåande konsonanten.

Sjevá i hebraisk fonologi[endre | endre wikiteksten]

I klassisk hebraisk reknar ein med to typar sjevá: «sjevá na‘», eller ‘tonande sjevá’ og «sjevá nah», eller ‘kvilande sjevá’.

Sjevá na‘[endre | endre wikiteksten]

Sjevá na‘ (hebraisk språk שְׁוָא נַע [šəvā na‘]) vil seie ‘tonande sjevá’. Sjevá na‘ blir uttala som ein nøytral, mumla vokal som kan variere i kvalitet frå ein «slapp» e- eller ø-lyd til ein relativt tydeleg a, o eller i. Tonande sjevá har ein i desse falla:

  • mellom to konsonantar i framlyd;
  • mellom to konsonantar etter lang vokal;
  • etter konsonant med dagésj (doblingsteikn) som blir etterfølgd av ein konsonant;
  • etter andre konsonant notert ved sjevá når denne blir etterfølgd av ein tredje konsonant.

Sjevá nah[endre | endre wikiteksten]

Sjevá nah (hebraisk språk שְׁוָא נַח [šəvā naḥ]) vil seie ‘kvilande sjevá’. Den kvilande sjeváen på hebraisk er stum anna enn i visse fall der artikulasjonsfaktorar gjer at han blir uttala — slik som mellom konsonantar med lik artikulasjonsstad. Kvilande sjevá har ein i desse falla i klassisk hebraisk:

  • mellom to konsonantar etter kort vokal når den første av desse er kort.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.