Sjilkaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjilka
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 206 000 km²
Lengd 560 km
Kjelde Onon og Ingoda
Munning Amur
Kart
Sjilkaelva
51°42′22″N 115°50′45″E / 51.706111111111°N 115.84583333333°E / 51.706111111111; 115.84583333333
Wikimedia Commons: Shilka River

Sjilka (russisk Шилка) er ei elv i Zabajkalskij kraj i Russland. Elva er 560 km lang og har eit nedslagsfelt på 206 000 km².

Elva oppstår der elvane Onon og Ingoda renn saman. Sjilka renn igjen i saman med Argun på grensa mellom Russland og Kina og dannar elva Amur. Onon, Sjlika og Amur dannar ei av dei ti lengste elvane i verda med ei total lengd på 4252 km.

Heile Sjilka er seglbar.

Byane Sretensk og Sjilka ligg langs elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]