Sjiraffen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjiraffen
Sjiraffen
Latinsk namn Camelopardalis
Forkorting Cam
Genitivsform Camelopardalis
Symbologi Namngitt av J. Bartsch
Rektasensjon 6 h
Deklinasjon +70°
Areal 757 kvadratgrader
nr. 18 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne β Cam (4,03. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10°

Sjiraffen (frå latin Camelopardalis) er eit stort og svakt lysande stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Stjernebiletet vart innført i 1612 (eller 1613) av Petrus Plancius.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Sjiraffen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Sjiraffen er det 18. største stjernebiletet, er det ikkje særleg lyssterkt, og den mest lyssterke stjerna er berre av 4. storleiksklasse. Faktisk inneheld det berre fire stjerner over storleiksklasse 5,0.[1]

  • α Cam er ei blå superkjempe med storleiksklasse 4,3, 5000 lysår frå jorda. Det er uvanleg å kunne sjå stjerner med det nakne auga på så langt avstand.[2]
  • 11 Cam er ei stjerne med storleiksklasse 5,2, 650 lysår frå jorda. Ho er særs nær 12 Cam med storleiksklasse 6,, som òg ligg 650 lysår frå jorda, men dei to stjernene er ikkje ei dobbeltstjerne.[2]
  • Σ 1694 (Struve 1694, 32 Cam) er ei dobbeltstjerne 300 lysår frå jorda. Begge komponentane har ein blåkvit farge. Hovustjerna har storleiksklasse 5,4 og den andre storleiksklasse 5,9.[2]

I 2011 vart det oppdaga ein supernova i stjernebiletet.[5]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Camelopardalis høyrer til den delen av himmelen som vender bort frå det galaktiske planet. Dette gjer at mange fjerntliggande galaksar er godt synlege. NGC 2403 er ein galakse i M81-gruppa og ligg kring 12 millionar lysår frå jorda[6][2] med ei raudforskyving på 0,00043. Han er klassifisert mellom ein elliptisk og ein spiralgalakse fordi han har svake armar og ei svær sentral bolning. NGC 2403 vart først oppdaga av astronomen William Herschel på 1700-talet.[6] Han har ein integrert storleiksklasse på 8,0 og er kring 0,25° lang.[2]

NGC 1502 er av storleiksklasse 6,9 og er ein open hop kring 3 000 lysår frå jorda. Han har kring 45 lyse medlemmar og ei dobbelstjerne med storleiksklasse 7,0 i sentrum.[7] NGC 1502 er òg tilknytt Kemble-kaskaden, ein enkel, men vakker asterisme som syner seg på himmelen som ei rekkje av stjerner over 2,5° lang, parallell til Mjølkevegen og i retning Kassiopeia.[2] NGC 1501 er ei planetær stjernetåke kring 1,4° sør for NGC 1502.

NGC 2655 er ein liten galakse. IC 342 er ein av dei to mest lyssterke galaksane i IC 342/Maffei-gruppa. Den vesle irregulære galaksen NGC 1569 har storleiksklasse 11,9 og er ein starburstgalakse, kring 11 millionar lysår unna.

MS0735.6+7421 er ein galaksehop med ei raudforskyving på 0,216, som ligg 2,5 milliardar lysår frå jorda. Han er unik på grunn av intracluster medium, som sender ut kraftig røntgenstråling. Denne galaksehopen har to holrom som er 600 000 lysår i diameter, skapt av eit sentralt supermassivt svart hòl, som stråler ut jettar av stoff. MS0735.6+7421 er ein av dei største og mest fjerntliggande døma på dette fenomenet.[6]

Tombaugh 5 er ein ganske lyssvak open hop i Sjiraffen. Han har ein samla storleiksklasse på 8,4 og ligg 5 800 lysår frå jorda. Han er ein Shapley klasse c- og Trumpler klasse III 1 r-hop, som tyder at han har ei ujamn form og ser open ut. Sjølv om han ligg for seg sjølv, er det ikkje ein konsentrasjon av stjerner i midten. Han har meir enn 100 stjerner som har sterkt varierande lysstyrke,[8] hovudsakleg av 15. og 16. storleiksklasse.[9]

NGC 2146 er ein starburstgalakse med stavar og spiralform av 10. storleiksklasse og som er synleg vridd på grunn av vekselverknad med ein nabogalakse.

MACS0647-JD er ein av kandidatane til det som kan vere den mest fjerntliggande galaksen i universet (z= 10.7).

Meteorsvermar[endre | endre wikiteksten]

Den årlege meteorsvermen Camelopardalids frå kometen 209P/LINEAR stråler ut frå Sjiraffen.

Romutforsking[endre | endre wikiteksten]

Romsonden Voyager 1 flyttar seg i retning dette stjernebiletet, men ville ikkje kome nær nokre av stjernene i stjernebiletet på mange tusen år, og kraftkjelda ombord vil då forlengst vere tom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Staal 1988, s. 241.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Ridpath 2001, s. 92-93.
  3. 3,0 3,1 Norton 1973, s. 118=119.
  4. American Association of Variable Star Observers
  5. Boyle, Rebecca (3 January 2011). «10-Year-Old Canadian Girl Is The Youngest Person Ever to Discover a Supernova». Popular Science. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Wilkins & Dunn 2006.
  7. Revised NGC/IC Data 2013. Dr. Wolfgang Steinicke.
  8. Levy 2005, s. 89.
  9. Levy 2005, s. 91.
  • Levy, David H., Deep Sky Objects, Prometheus Books, ISBN 1-59102-361-0 
  • Norton, Arthur P. (1973), Norton's Star Atlas, s. 118–119, ISBN 0-85248-900-5 
  • Rey, H. A., The Stars—A New Way To See Them, Houghton Mifflin, ISBN 0-395-24830-2 
  • Ridpath, Ian, Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2 
  • Ridpath, Ian, Stars and Planets Guide, Wil Tirion (4th utg.), Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4 
  • Staal, Julius D.W., The New Patterns in the Sky, McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1 
  • Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006), 300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.), Firefly Books, ISBN 978-1-55407-175-3 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjiraffen


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 06h 00m 00s, +70° 00′ 00″