Sjofár

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein sjofár i jemenittisk stil laga av eit horn frå Tragelaphus strepsiceros. (Foto: Olve Utne)
Liten sjofár av askenasisk type. (Foto: Olve Utne)
Munnstykke av sjofár i jemenittisk stil. (Foto: Olve Utne)

Ein sjofár er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (soningsdagen).

Kva horn blir bruka?[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Askenasiske jødar brukar oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre) eller geitebukk. Jemenittiske jødar brukar derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar.

Korleis blæs ein i sjofáren?[endre | endre wikiteksten]

Sjofáren er kappa av og uthola i den tynne enden, der ein blæs med same teknikk som for waldhorn eller norsk bukkehorn. Det finst tre grunnleggjande signal:

  1. Tekiá (hebr. תְּקִיעָה) er eit halvlangt, enkelt signal (t.d. LL-HHHl)
  2. Sjebarím (hebr. שְׁבָרִים) er tre korte støyt (t.d., LLH LLH LLH-l)
  3. Teruá (hebr. תְּרוּעָה) er ein serie (oftast om lag ni) raske støyt (t.d. L-L-L-L-L-L-L-L-HHHl

Kva tid?[endre | endre wikiteksten]

Rosj hasjaná og jom kippur[endre | endre wikiteksten]

På kvar av høgtidsdagane rosj hasjaná (to dagar) og jom kippúr blir det i vår tids tradisjonelle jødiske gudstenester blåse 100 signal — berre med unntak av når ein av desse dagane havnar på sjabbát (laurdag), når det i vår tid stort sett blir rekna som forbode å blåse i sjofáren.

Elúl[endre | endre wikiteksten]

Askenasiske jødar blæs òg i sjofáren kvar dag i månaden elúl utanom på sjabbát.

Fredag[endre | endre wikiteksten]

I sefardisk jødedom har det tildels vore vanleg å blåse i sjofáren kvar fredag som ei påminning om den kommande helgedagen.