Sjokoladefontene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjokoladefontene

Sjokoladefontene er ei type fontene som i staden for vatn inneheld ei blanding av smelta sjokolade og litt matolje. Slike fontener finst i ulike storleikar, men er ofte laga til å stå på bord.

Lita bordfontene.

Fontena er som regel danna av fleire etasjar av skåler med ei krone på toppen. Nedst har han ein haldar der sjokoladen blir varma opp for å halda seg flytande. Sjokoladen blir pumpa opp til toppen i ein Arkimedes-spiral, og renn så nedover fontena. Denne flytande sjokoladen kan ein dyppa små matbitar i, som frukt, bakverk eller marshmallows. Ein finn gjerne sjokoladefontener i butikkar som sel søtmat og ved større feiringar, til dømes ved bryllaup.

Sjokoladefontena blei funne opp av Ben Brisman og først synte fram av det kanadiske selskapet Design and Realisation ved National Restaurant Show i Chicago tidleg på 1990-talet.[1]

I 2006 opna verdas høgaste sjokoladefontene, på 27 fot (8,2 m), ved Jean-Philippe Patisserie i Bellagio Hotel og Casino i Paradise i Nevada.[2] Denne får ein ikkje dyppa mat i.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Spoil your party guests rotten with our indulgent Chocolate Fountain Hire», La Fontaine de Chocolat (på engelsk), henta 3. april 2019 
  2. «Chocolate Fountain Opens at Jean-Philippe Patisserie». Las Vegas. 5. februar 2006. Arkivert frå originalen 13. juni 2007. Henta 23. mai 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sjokoladefontene