Sjokoladen SOHO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SOHO var eit sjokoladeprodukt som blei lansert av Nidar i 1998.[1] Sjokoladen er ein youghurtsjokolade, samansett av sjokolade, stivpiska yoghurt og crisp. SOHO tok to år å utvikle, men etter berre tre år på marknaden vart SOHO trekt tilbake i 2001 grunna med dårlege salstal.

Namnet viser til Soho i London, for å understreke det urbane og ungdommelege inntrykket.

Design[endre | endre wikiteksten]

SOHO vann i 1998 Merket for God Design under kategorien Industridesign. Suzanne Schürch stod bak produktdesign, mens Christensen/Lund stod for utforminga av emballasjen.[2]

Folkekrav om oppståing[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om sjokoladen vart trekt tilbake grunna dårlege salstal, kom det i ettertid eit folkekrav for å få SOHO tilbake til marknaden. I november 2011 hadde 31 793 Facebook-brukarar samla seg i ei Facebook-gruppe for å få SOHO tilbake.

SOHOs retur til marknaden[endre | endre wikiteksten]

20. november 2011 annonserte Nidar at sohosjokoladen ville koma i sal som ein del av 100-årsposen laga til markeringa av Nidar sitt jubileum i 2012. Posen ville også innehalda andre eldre nidarprodukt. Nidar meldte at dei hadde endra oppskrifta slik at sohosjokoladen ikkje lenger ville vera avhengig av å oppbevarast kjølig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]