Sjokoladen Smil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein rull med Smil.

Smil er namnet på ein sjokoladetype laga av Freia som blei laga for første gong i 1955. Sjokoladen har form som ein smalnande sylinder og består av ei kjerne flytande toffee med eit skal av Freia Melkesjokolade rundt. Han blir som regel selt saman med fleire andre innpakka i ein rull. Først var bitane ovale, men frå 1978 fekk dei den noverande runde forma dei har i dag.[1]

I 2017 inneheldt ein Smil-sjokolade tretten bitar. Dette talet har variert mellom elleve og tretten opp gjennom historia.[1] Smil har vorte marknadsført under slagordet «smart å dele».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Skapt for å deles - med 13 biter». dagbladet.no. 28. august 2017. Henta 2. oktober 2017.