Sjokoladeselskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjokoladeselskap på ein terrasse måla av Petrus Johannes van Reysschoot i 1742.

Sjokoladeselskap er eit festleg samkome der ein serverer sjokolade og kaker.[1]

Det finst ulike former for sjokoladeselskap, frå små uformelle samlingar til større og meir formelle, til dømes veldedige tilstellingar. Ved slike tilstellingar kan mykje eller alt av det ein serverer innehalde sjokolade.[2] Ein kan til dømes servera kakao eller sjokolade-lemonade til å drikka og sjokoladekake, konfekt, sjokoladeis eller bakverk med sjokolade i til å eta.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Chocolatada er ei spansk nemning på samkome der ein drikk kakao. Etter at sjokolade blei innført til Europa frå Amerika var slike samkome fasjonable hendingar haldne av overklassen. I Frankrike blei det vanleg å servera kakao ved hoffet i Versailles på 1600-talet, etter at den spanske prinsessa Anna av Austerrike blei gift med Ludvig XIII i 1615. Deretter blei sjokolade gradvis utbreidd blant overklassen i resten av Europa.[4]

Sjokoladefontene på ein fest i 2015.

Tekniske nyvinningar under den industrielle revolusjonen gjorde sjokolade meir tilgjengeleg for større delar av folket, og ein fekk fleire nye sjokoladeprodukt.[4] I 1830 byrja ein til dømes å blanda sjokolade med nøtter, medan mjølkesjokolade blei oppfunnen i 1875.[4] Ei form for sjokoladeselskap kjend som chocolataire blei kjend på slutten av 1800-talet.[5] Ein kunne ha heile selskap der ein berre serverte mat og drikke med sjokolade, og ei bok med selskapsidear frå 1894 føreslår menyar, program, dekorasjonar og kleda til dei som serverer i sjokoladefargar.[6]

I tida rundt år 2000 er ei anna form for sjokoladeselskap der ein lagar eller smaker på sjokolade blitt utbreidd. Ein kan også ha sjokoladeselskap der ein et sjokoladekake og konfekt og drikk eller lagar drikkar som sjokoladeøl eller cocktailar.[7] Sjokoladefondy, gjerne i form av ei sjokoladefontene, er blitt eit festinnslag sidan byrjinga av 2000-talet.[8] Ein ein også servera sjokoladerettar som ikkje er søte.

Eit nyare namn for selskap som er rike på sjokolade kan vera «Death by Chocolate».[9][10][11] Det finst også serveringsstader som spesialiserer seg på sjokoladeprodukt og berre det, nokre av dei også med namnet «Death by Chocolate».

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Sjokoladeselskap har til dømes vore brukte til å samla inn pengar til gode føremål.[12] Dei er også blitt nytta til feiring av valentinsdagen,[13] i samband med bryllaup og då særleg utdrikkingslag, og til barnseselskap og andre bursdagsfeiringar.[14]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «sjokoladeselskap - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 3. april 2019 
  2. Jill Foulston, The Virago Book of the Joy of Shopping, s. 84, 2007. (ISBN 184408275X, 9781844082759)
  3. Judith Martin, Miss Manners' Guide for the Turn-of-the-Millennium, s. 453, 1990. (ISBN 067172228X, 9780671722289)
  4. 4,0 4,1 4,2 «The History of Chocolate: Europe», www.godivachocolates.co.uk, henta 3. april 2019 
  5. Maud C. Cooke (1896). Social Etiquette, Or, Manners and Customs of Polite Society: Containing Rules of Etiquette for All Occasions, Including Calls, Invitations, Parties, Weddings, Receptions, Dinners and Teas, Etiquette of the Street, Public Places, Etc., Etc. Brantford, Ont. & Toronto, Ont.: Bradley, Garretson Company, limited. «This is a rather new entertainment.» 
  6. Eureka Entertainments: Containing a Wide Variety of New and Novel Entertainments Suitable to All Kinds of Public and Private Occasions. The Penn publishing company. 1894. 
  7. Ilona Peltz, Calling all chocoholics! Have yourself a chocolataire, aisledash.com
  8. «Spoil your party guests rotten with our indulgent Chocolate Fountain Hire», La Fontaine de Chocolat (på engelsk), henta 3. april 2019 
  9. «Largo Cultural Center hosts Death by Chocolate fundraiser». Tampa Bay Newspapers. 2 December 2015. Henta 27 December 2015. 
  10. «Death By Chocolate for charity». The INDsider. 5 October 2015. Henta 27 December 2015. 
  11. Wartelle, Kris (5 November 2015). «The Acadiana Symphony's Death by Chocolate killed». The Advertiser. Henta 27 December 2015. 
  12. Lynne Sorrel Marks, Lynne Marks, Revivals and Roller Rinks: Religion, Leisure, and Identity in Late-nineteenth-century Small-town Ontario, s. 99, 1996 (ISBN 0802078001, ISBN 978-0-8020-7800-1)
  13. The Anchora of delta gamma May 1951 (på engelsk), Delta Gamma Fraternity, henta 3. april 2019 
  14. «Chocolate Party, Chocolate Tasting Experience | MoC», Ministry of Chocolate (på engelsk), henta 3. april 2019