Sjtsjutsja
Utsjånad
| Sjtsjutsja | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 12 300 km² | ||
| Lengd | 565 km | ||
| Middelvassføring | 109 m³/s | ||
| Kjelde | Uralfjella | ||
| Munning | Ob | ||
![]() Sjtsjutsja 66°47′52″N 68°22′23″E / 66.79777778°N 68.37305556°E | |||
Sjtsjutsja (russisk Щучья) er ei elv i Jamalo-Nenetsk i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva er 565 km lang og har eit nedslagsfelt på 12 300 km². Elva har ei middelvassføring på 109 m³/s.
Elva spring ut frå dei arktiske Uralfjella og renn sør på Jamalhalvøya og ut i Ob, nær Obbukta. Elva har størt vassføring frå juni til september då snøsmeltinga og nedbørsmengdene er størt. Elva er isdekt frå oktober til tidleg i juni og om vinteren frys ho stundom til botn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Щучья (река)» frå Wikipedia på russisk, den 3. november 2008.
