Sju slag kaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sju slag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sju slag småkaker i ein boks.

Sju slag kaker eller dei sju slaga viser til tradisjonar om å ha sju ulike typar småkake til eit visst høve.

I nyare norsk samanheng viser det til julebakst. Tidlegare tradisjonar kunne ha sju ulike slag bakst til bryllaup.[1] I svensk tradisjon har sju slag kaker vore det «rette» talet på kaker til kaffiselskap.[2]

Sju slag i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Julekaker i kakeboks.

Sju slag blir ofte nemnd i samband med julebakst i Noreg. Det er ikkje kjend korleis omgrepet oppstod, og det er ikkje funne prov for at dette er ein gammal skikk.[3] Talet på kaker ein laga til jul kunne variera til opptil 20 på storgardar tidleg på 1900-talet.[3] Den eldste omtalen av sju slag kaker Henry Notaker har funne var til eit bryllaup på Vestlndet for rundt hundre år sidan.[1]

Mange av kakeslaga som blir nemnde som del av dei sju har kome til landet nokså nyleg. Ei rekkje av dei blir laga i steikeomn, som berre byrja bli utbreidd i Noreg frå midten av 1800-talet. Tidlegare var det vanlegast å steika kaker i jern eller frityrsteika dei i smult.[3]

Gamle kaker steikte i jern er til døme goro, avletter og skrivarbrød. Kaker steikte i smult, som ein tradisjonelt fekk frå grisen ein slakta til jul, kunne vera smultringar, hjortetakk og rosettbakkels.[3] På 1700-talet skilde ein ikkje mellom julekaker og andre småkaker. Julekaker blei først definerte på 1800-talet.[1]

Kva kaker som eventuelt høyrer til dei sju slaga kan variera, men vanlege typar er:[4][5]

Sju slag i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Småkaker ved Skoklosters slott i Sverige.

I Sverige kan ein ha sju sorters kakor ved kaffislaberas (kafferep). Skikken med å ha minst sju slag kaker ved slike samkomer er kjend frå slutten av 1800-talet av.[6]

I 1945 blei det gjeve ut ei kokebok kalla Sju sorters kakor. Boka fortalde at sju slag var eit minstekrav for kor mange kaker ein skulle servera i eit selskap tidleg i hundreåret. Ein kunne rekna det som underleg å servera mindre enn sju, og hovmodig å servera fleire. Det verker likevel som om ulike reglar galdt på ulike stader.[7]

Kakeslag[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike idear om kva sju kaker ein skal ha som dei sju slaga på eit kakfat. Her er nokre typar som ofte er nemnde:





Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 forskning.no, Marianne Nordahl journalist i (23. desember 2010), «Julekakenes historie», forskning.no (på norsk), henta 2. desember 2019 
  2. «Kokaihop.se», www.kokaihop.se, henta 2. desember 2019 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 17.12.2017; Busterud, klokken 12:00 Kjersti; NPK, «– Det har aldri vore nokon tradisjon for å bake akkurat sju sortar», Nationen, henta 2. desember 2019 
  4. «Syv slag til jul: Her er oppskriftene». Verdens Gang. 11. desember 2010. Henta 31. desember 2011. 
  5. «Alle sju slaga», www.matprat.no (på norsk), henta 2. desember 2019 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 "Sju sorters kakor". Kokaihop.se. Läst 30 juli 2013.
  7. Ahlin, Lisa (2011-12-12): "Kafferepet : Trugandets värdskap". Kulturdelen.se. Läst 30 juli 2013.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Palmquist, Sara/TV4: "Sju sorters kakor". Recept.nu. Läst 30 juli 2013.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Landqvist, Malin (2011-04-10): "Grundrecept sju sorters kakor". DN.se. Läst 30 juli 2013.