Sjukdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjukdommar)
To menneske med byllepest, som er best kjend frå epidemien Svartedauden.
Den siste tida av det korte livet til Henrik Wergeland var prega av sjukdom.

Sjukdom er nedsett helsetilstand som kan koma på grunn av ytre påverking, indre ubalanse eller ein inntrengjar i kroppen. Sjukdommar kan vera alt frå mildt plagsomme til smertefulle og dødelege. Dei kan koma til enkeltindivid eller smitta i store epidemiar. Dei aller fleste organismar kan utsetjast for sjukdom.

Menneske og dyr har brukt ulike middel for å prøva å motverka sjukdom, dels ved prøving og feiling, dels ved meir systematiske studie. Trass i dette er me ikkje blitt kvitt sjukdom. Det kjem stadig nye typar, somme ufarlege, andre livstruande.

I denne artikkelen ser me hovudsakleg på sjukdommar hjå menneske.

Kjelder til sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Negative påverkingar som feilernæring eller stress kan leia til sjukdom, anten direkte, ved at ein til dømes får ein mangelsjukdom eller blir deprimert, eller indirekte, ved at immunforsvaret blir svekka og ein inntrengjar får overtaket i kroppen. Inntrengjaren er gjerne ein bakterie, eit virus eller ein parasittisk organisme.

Sjukdommar kan òg koma som følgje av hormonell ubalanse, på grunn av arvestoff som er svekka ved fødselen eller seinare, eller rett og slett fordi kroppen blir eldre.

Kjennemerke[endre | endre wikiteksten]

Ein som er sjuk kan ha feber, minska krefter og matlyst, verka i kroppen, eller merka at kroppsfunksjonar er i ulage. Ein lege prøver å finna så mange symptom han kan og stiller så ein diagnose om kva sjukdom pasienten lir av.

Ofte er symptoma på sjukdommen eit teikn på at immunforsvaret er i ferd med å reinska kroppen. Ellers kan det vera at inntrengjaren har teke over så mykje at eitt eller fleire organ sluttar å verka.

Klassifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Sjukdommar vert klassifisert etter det internasjonale klassifikasjonssystemet ICD-10. Blant kategoriane er infeksjonssjukdommar, psykiske lidingar, hormonelle sjukdommar, nervesjukdommar og hudsjukdommar (nokre namn er korta ned). I tillegg vert sjukdommar klassifiserte etter til dømes symptom, etter varigheit og etter alvorsgrad. Det er til dømes viktig å skilja mellom akutte og kroniske sjukdommar.

Utbreisle[endre | endre wikiteksten]

Sjukdommar kan finnast konstant i eit folk som lærer seg til å leva med dei, eller koma i voldsame epidemiar som kan påverka samfunnet dramatisk. Kor alvorleg ein sjukdom er i eit område avheng av kor godt verna ein er mot sjukdomen. Til dømes har europearane klart seg forholdsvis godt mot forkjøling og influensa, medan andre folkegrupper har slite sterkt med desse.

Store epidemiar[endre | endre wikiteksten]

Blant store epidemiar er svartedauden og spanskesjuka.

Motverknad[endre | endre wikiteksten]

Katolikkar som frykter epidemiar kan be til den heilage Roch om vern.

I forsøk på å finna bøtemiddel mot sjukdom har menneske tydd til omsorg og stell av den sjuke, legande urter og moderne legemiddel, men også offer, bøner og magiske formlar. I nyare tid er vestleg medisin blitt ein vitskap der ein veit mykje, men slett ikkje alt, om korleis ein skal takla inntrengjarane.

Nokre sjukdommar[endre | endre wikiteksten]

Sjå kategori:sjukdommar for ei oversikt over ulike sjukdommar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]