Sjukdomskjensle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den svenske entomologen og oppfinnaren av malaiseteltet, sjå René Malaise.

Sjukdomskjensle eller malaise er ei kjensle av generelt ubehag eller uro, og er ofte det fyrste teiknet på infeksjon eller sjukdom.[1] Sjukdomskjensle er eit veldig ikkje-spesifikt symptom, og årsakene er varierande. Det kan skuldast eit lite illebefinnande, til dømes ein vasovagal respons, eller svolt (mild hypoglysemi). Meir alvorlege årsaker kan vere kreft, hjerneslag, hjarteåtak og indre bløding.

Ordet malaise har eksistert i det franske språket sidan minst 1100-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «malaise». Norsk medisinsk ordbok (nynorsk). «malaise, sjukdomskjensle, uklar kjensle av å vera utilpass, sliten, ikkje i sitt ess». Vitja 29. januar 2015.
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.