Sjur Bygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjur Bygd
Nasjonalitet Norsk
Fødd 28. april 1889
Myrkdalen
Død

29. oktober 1985

Periode 1915 - 1970
Debut Fjell-folk

Sjur Bygd (28. april 188929. oktober 1985) var ein norsk forfattar, gardbrukar, ordførar og banksjef busett i MyrkdalenVoss. Han debuterte i 1915 med novellesamlinga «Fjell-folk».

Litterær produksjon[endre | endre wikiteksten]

Sjur Bygd debuterte med Fjellfolk i 1915, ei samling forteljingar frå ei avstengd vestlandsbygd. I romanen Holmgang (1917) skildra Bygd dei psykologiske føresetnadane for ein bygdestrid. Det same gjer den store romanen Valplassen (1921). Eit av Bygd sine fremste verk, Luftspeglingar (1925) er ei samling noveller med same miljø. Andre betydlege romanar er I hamskifte (1949) og Mot blå berg (1957). Bygd var ein skarp psykolog, og kjende dei løynde tildriva i menneska, krokvegane deira, hyklarskapen, naturangsten og religiøsiteten. Med sin knappe stil og friske synsbilete skreiv han levande situasjonar om norsk folk og kultur.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1915 - Fjell-folk
  • 1917 - Holmgang
  • 1921 - Valplassen
  • 1925 - Luftspeglingar. Nokre bilæte
  • 1949 - I hamskifte
  • 1954 - Draumen
  • 1957 - Mot blå berg
  • 1970 - Mannen og natta

Sjur Bygd vann Melsom-prisen i 1955 og i 1976 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som bankmann, politikar og diktar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]