Hellemyrsfolket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjur Gabriel)
Bøkene i Hellemyrsfolket
  • Sjur Gabriel – (1887)
  • To venner – (1888)
  • S.G. Myre – (1890)
  • Afkom – (1898)

Hellemyrsfolket er ein romansyklus i fire bind, rekna som hovudverket til Amalie Skram. Skram peiker i desse bøkene på samanhengen mellom materielle kår og tanke- og kjensleliv. Fattigdom gir dårleg grunnlag for kjærleik og livsutfalding. Romansyklusen er ei mørk slektsoge om familien på Hellemyra: Slekt etter slekt går under livsens åk, det bibelske påbodet om å vere fruktbare og formere seg kviler som ei forbanning over folket.

Hellemyrsfolket skildrar ein familie frå Nordhordland i fleire generasjonar. Skram lausreiv seg her frå eigne erfaringar og opplevingar som bakgrunn for skrivinga. Føremålet med verket skriv ho om i eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson frå 1898: «Jeg ville prøve å vise hvordan det i det virkelige liv kunne gå til at noen ble tyver og lovovertrædere, mens så mange ikke ble det.»[1] Romanane om Hellemyrsfolket følgjer den konsekvent naturalistiske haldninga hennar og er i likskap med ekteskapsromanane djupt pessimistiske. Det som kjem spesielt fram i desse bøkene er miljøet sin determinerte verknad på enkeltmenneska. Ho stiller spørsmål om personane ville ha hatt andre og betre liv om dei hadde handla eller valt annleis, eller om dei er heilt determinerte.

Byen Bergen framstår som ein snever, sladderlysten handelsby. Den første romanen i serien er Sjur Gabriel , her følgjer vi ein fattig strilefamilie gjennomfattigdom, drukkenskap og religiøsitet i eit uhyggeleg flettverk. I den neste romanen, To venner, følgjer vi Sjur Gabriel sin soneson Sivert til sjøs. Boka er rekna sin den første heilt realistiske skildringa av sjømannsliv i norsk litteratur. I den tredje romanen, S.G. Myre, følgjer vi Sivert på vegen fram i livet og opp på samfunnsstigen. Gjennom løgn og tjuveri finn han sin plass i borgarskapet, og i eit grenselaust ulykkeleg ekteskap. Den fjerde romanen, Afkom, er historia om barna deira, Severin og Fie, som lever under trykket frå syndene og skamma foreldra har lagt på dei.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste av dei fire bøkene, Sjur Gabriel (1887), skildrar livet til det fattige gardbrukarparet Oline og Sjur Gabriel i 1820-åra[2] på garden Hellemyren, rett nord for Bergen. Oline har eit høgt alkoholforbruk og er ofte full, og familien slit dag og natt. Då Oline må på sjukehus og Sjur Gabriel må passe ungane heime, utviklar han eit spesielt forhold til yngstesonen Vesle-Gabriel. Då denne sonen døyr etter ei tids sjukdom, tek også Sjur Gabriel til å drikke. Boka sluttar med setninga «Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren.»

I To Venner, som kom ut seinare same år, følgjer lesaren det eldste barnebarnet til Oline og Sjur Gabriel, Sivert. Handlinga i romanen går føre seg i byrjinga av 1850-åra og tek opp Sivert si skam over bestemora Oline som no går rundt i bergensgatene under namnet «Småfylla». Han er ein sjøroman, sidan mesteparten av handlinga går føre til sjøs, då Sivert dreg ut med barken «To Venner» for å kome seg vekk frå den drikkfeldige Oline.

Handlinga i den tredje boka, S.G. Myhre (1890), går for seg nokre år seinare. Også i den følgjer lesaren Sivert, som no er komen heim att og arbeider som handelsbetjent. Men etter kvart mistar han jobben hjå kjøpmann Munthe fordi han har vore for nærgåande med dottera. Han får då hjelp til å starte opp sin eigen butikk, mot at han giftar seg med Petra Frimann. Sivert vert seinare vitne til at bestefaren Sjur Gabriel døyr. For å unngå eit pinleg opptrinn med Oline/«Småfylla», slår han henne, slik Sjur Gabriel pleidde å gjere. Dette vart eit døyeleg slag for bestemor til Sivert, men det vert ikkje oppdaga.

Afkom (1898), det fjerde og siste bindet i serien om Hellemyrsfolket, handlar om ungane til Sivert, Fie og Severin. Handlinga skjer i 1870-åra og tek opp kontrasten mellom familien Myre og den rike konsulfamilien Smith. Særleg sterkt får ungane til Sivert oppleve denne skilnaden, gjennom omgang med konsulfamilien. Severin tek livet sitt etter å ha vorte oppdaga medan han stel frå den beste venen sin, medan Fie vert gifta bort til ein mann ho hatar. Men heller ikkje familien Smith lever problemfrie liv. Dei mistar nemleg den kjæraste dottera si.

Skram skal òg ha byrja å skrive på eit femte bind som ho kalla Afkoms Afkom, men dette vart aldri fullført.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Seroppgåva om Amalie Skram» av Karl Ove Hufthammer.
  2. «'Sjur Gabriel' av Amalie Skram Arkivert 2007-10-13 ved Wayback Machine.» på nettstaden til Bok og samfunn av Jorid Mathiassen (11.06.2007)
  3. «Bilder fra Bergen – temaer fra byens historie 1850 - 1905 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.» av Knut Rommetveit, 2004.